Bakhmut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Artemivsk)
Bakhmut
Бахмут
by
Land  Ukraina
Oblast Donetsk oblast
Rajon Bakhmutskij rajon
Areal 41,6 km²
Folketal 80 655
Folketettleik 1 939 / km²
Grunnlagd før 1571
Kart
Bakhmut
48°35′41″ N 38°0′3″ E
Wikimedia Commons: Bakhmut

Bakhmut (ukrainsk skrift Бахмут) er ein by i Donetsk oblast i Ukraina. Han er det administrative senteret i Bakhmutskij rajon. Han ligg ved elva Bahmutka kring 89 km frå Donetsk. Byen hadde kring 80 000 innbyggjarar i 2005.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er spor etter etter ein busetnad her frå 1557, men byen vart offisielt grunnlagd i 1571 og er kalla opp etter elva han ligg ved. Busetnaden starta opphavleg som ein grenseovergang og vart seinare eit festningsverk. I 1701 gav Peter I ordre om å byggje eit fort her og kalle byen Bakhmut. Fortet stod ferdig i 1703. Hausten 1705 erobra kosakkar leia av Ataman Kondrat Bulavin saltgruvene i Bakhmut salt,[1] som seinare fekk byen til å bli eit av sentera for Bulavinopprøret og dei heldt byen til mars 1708. I 1783 fekk Bakhmut bystatus. I 1876 vart det oppdaga fleire saltførekomstar og det vart raskt bygd fleire gruver. I 1924 vart namnet på byen endra til Artemivsk, til ære for Artem, ein russisk bolsjevik som budde og arbeidde i byen dei første åra av revolusjonen. Namnet blei endra attende til Bakhmut i 2016.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Byen var okkupert av tyskarane frå 31. oktober 1941 til 9. mai 1943.[treng kjelde]

Den russiske invasjonen 2022[endre | endre wikiteksten]

Under den russiske invasjonen av Ukraina 2022 vart Bakhmut utsett for harde, langvarige kampar. Bakhmut vart omtala som 'kjøtkverna' av di dei harde kampane med titusenvis av ukrainske og russiske soldatar som kjempa om byen.[2] Sentralt på russisk side stod Wagnergruppa i kampen om Bakhmut.[3] Sjølv om byen ikkje hadde noko strategisk militær fordel, ville det å sigre vere av stor symbolsk verdi.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rebellion of peasants and kosakkar under the leadership of Bulavin (på russisk)
  2. Philippe Bédos Ulvin. «Bakhmut: Fra champagneby til kjøttkvern» (på norsk bokmål). NRK. Henta 21. mai 2023. 
  3. Signe Karin Hotvedt. «Putin gratulerte Wagner med Bakhmut-seier» (på norsk bokmål). NRK. Henta 21. mai 2023. 
  4. Peter Graff & Giles Elgood. «Russia says Ukrainian city of Bakhmut captured» (på engelsk). Reuters. Henta 21. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bakhmut