Arthur Arntzen (1906–1997)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arthur Arntzen
Fødd29. april 1906
Borge kommune
Død28. mars 1997 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
Alle verv

Arthur Arntzen (29. april 190628. mars 1997) var ein norsk byråkrat frå Borge i Østfold, og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Arntzen tok eksamen ved handelsskule i 1928 og var frå 1929 kasserar ved Glomma sagbruk og høvleri A/S i Fredrikstad. Deretter arbeidde han som heradskasserar i Borge i perioden 1937-58 og så fram til 1972 som kontorsjef.

Arntzen var medlem av Borge kommunestyre i tida 1934–37 og på ny 1948–58. Siste fireårsbolken var han ordførar i Borge kommune. I 1945 var han medllom dei mange nye stortingsrepresentantane, vald for Østfold og Arbeidarpartiet. Attval i 1949 og 1953 syrgde for at han sat på Tinget i tre periodar frå 1945 til 1957. Heile si tid på Stortinget var han medlem av Finans- og tollkomiteen, i den siste fireårsperioden som sekretær i komiteen. Dei to siste periodane var han også med i Valkomiteen. Landsstyremedlem i Arbeidarpartiet 1949-53.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]