Arthur Arntzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg politikaren Arthur Arntzen.
Arthur Arntzen i 2007
Foto: Harald Groven

Arthur Andreas Arntzen (fødd 10. mai 1937) er ein norsk komikar, forfattar og artist frå Tromsø.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Arntzen vart fødd i Tromsø og voks opp på Tromsøya og i Gratangen og Tromsdalen, der han seinare busette seg.

Trass i minimalt med skulegang, vart Arntzen journalist i lokalaviser, og vart seinare på 1950-talet Nord-Noreg-korrespondent for Dagbladet.

På slutten av 1950-talet skapte Arntzen komifiguren «Oluf Rallkattli», først for lokalrevyar, frå 1965 for TV og sidan 1967 for bøker og skodespel. Som skodespelar er han kjent for den nordnorske humoren sin, noko som òg er emne i fleire av bøkene hans. Boksalet i Oluf-serien har kome opp i over 700 000. I 1989 vart bøkene omarbeidde til eit skodespel for Hålogaland teater. Dette vart den største suksessframsyninga teatret hadde hatt nokon gong, og TV-versjonen vart ein tilsvarande suksess. Det siste skodespelet hans, Den fordømte nordlendingen, omhandla òg nordnorsk humor. Saman med Håkon Karlsen og Tore Skoglund har han halde førestillingar om Oluf, der fleire av dei òg er utgjevne på CD.

Arthur bestemte seg for å avslutte skodespelet om Oluf i 2007, då etter 50 år.

Ole Danbolt Mjøs, tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, utnemnde Arntzen til ei honorær universitetsstilling som av Arntzen har vorte omtala som «flirolog» eller «artigamanuensis».

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1974Han Oluf.
  • 1974Oluf R.
  • 1980Rapport frå Rallkattlia.
  • 1982Supar Oluf.
  • 1982Ho Emma.
  • 1987Han Lars (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1987Oluf og Emma (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1988Oluf R (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1988Supar Oluf (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1988Rallkattlia (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1989Siste Oluf (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1989Rapport frå Rallkattlia (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1990Æ sei ikkje meir (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1990Oluf samla (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1990Småkarer under frostmåne (sjølvbiografi, saman med Arvid Hansen).
  • 1993Det svær æ-en på.
  • 1994Æ gjer meg ikkje (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1986Æ lyg ikkje (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1996Dokker kan flire: elendighet i utval (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1997Oluf for evig (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1987Nye Oluf (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
  • 1994Og langsomt kom ljoset.
  • 2003Det latterlege alvoret.
  • 2006Oluf i eige bokbad.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1975Tut og køyr
  • 1990Oluf (vist i TV, NRK).
  • 1997Den fordømde nordlendingen
  • 199940 år med Oluf
  • 2006Oluf i eige bokbad

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]