Arthur Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arthur Berg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. april 1916
Brunlanes kommune
Død

20. juli 1998 (82 år)

Yrke prest, omsetjar, redaktør
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Born Bjarne Berg
Arthur Berg på Commons

Arthur Bjarne Berg (8. april 191620. juli 1998) var ein profilert avisredaktør i den kristne avisa Dagen, abortmotstandar, EU-motstandar og nynorskmann.

Barndom og ungdom[endre | endre wikiteksten]

Arthur Berg vart fødd i Brunlanes i Vestfold, som son til Ole og Camilla Berg, som var gardbrukarar på garden Berg – like ved Berg gamle kyrkje. Her voks han også opp. Berg tok middelskuleeksamen som privatist etter eitt års skulegonge, og fullførte deretter artium på like stutt tid, i 1934. Faren døydde dette året, og Arthur Berg vart ein aktiv ateist - men bad til Gud om frelse for faren. Han vart ikkje verande ateist så lenge: han vart kristen att under eit møte med vekkingspredikanten Ernst Hallen i Kristiansand.

Byrjande karriere[endre | endre wikiteksten]

Deretter studerte Arthur Berg teologi ved Menighetsfakultetet i Oslo, men avslutta studia på grunn av det rådande pasifistiske synet ved skulen.[treng kjelde] Han tok difor militærutdanning, og vart den 8. april 1940, dagen før Noreg vart invadert av Nazi-Tyskland uteksaminert frå befalsskulen som sersjant, og deltok så i kampane i 1940. Han tok deretter fatt på teologistudia att, samtidig med at han vart med i illegalt arbeid. I 1940 samarbeidde han med to andre teologistudentar, Per Faye-Hansen og Hans Chr. Mamen, og berga 25 norske jødar over svenskegrensa. I 1941 fullførte han teologistudiet. Arthur Berg måtte sjølv rømme til Sverige, og vart i 1944 ordinert til feltprest for dei norske styrkane der. Men han deltok også som stridande offiser under frigjeringa av Finnmark i 1944-45. Etter krigen var han fyrst feltprest og seinare forkynnar og redaktør i Norges Samemisjon før han i 1955 vart redaktør i avisa Dagen i Bergen.

Redaktør[endre | endre wikiteksten]

I Dagen skulle han verta sitjande som redaktør i 30 år, til han gjekk av som pensjonist i 1985. Dagen vart under Arthur Berg prega av ein sterk kampprofil, til forsvar av kristendomen i landet og til forsvar for bibelsk kristentru. Innsatsen omfatta både den offisielle kyrkja og lekmannsrørsla. Ein av Arthur Berg sine kjernetankar var at ateismen ikkje på noko vis kunne stå seg mot bibeltru kristendom.

Ja til Livet[endre | endre wikiteksten]

abortsaka kom opp på 1970-talet, vart Arthur Berg ein ivrig forkjempar for det ufødde livet, og ein sterk motstandar av kvinna sin rett til å velje. Han støtta biskop Per Lønning som i 1975 gjekk av som biskop i protest mot innføringa av fri abort. Seinare støtta han også sokneprest Børre Knudsen og Strandebarm Prosti under leiing av sokneprest Per Kørner. Ludvig Nessa vart og ein sentral figur i denne kampen.

Nei til EU[endre | endre wikiteksten]

Då spørsmålet om norsk medlemskap i EU kom opp før folkeavstemminga i 1972 engasjerte Arthur Berg seg sterkt i kampen mot norsk medlemskap. Han var ein dei som stod bak skipinga av Folkerørsla mot EEC.

Israel[endre | endre wikiteksten]

Berg var, som sin medteolog Per Faye-Hansen, ein ihuga sionist og Israelsven. Han forsvarte alltid staten Israel og folket i mange av leiarartiklane sine.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store Norske Leksikon
  • Minneord ved Odd Sverre Hove, redaktør i Dagen