Arthur Edwin Kennelly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arthur Edwin Kennelly

Fødd17. desember 1861
Colaba
Død18. juni 1939
Boston
NasjonalitetUSA
Yrkematematikar, ingeniør, fysikar
InstitusjonarHarvard University
Alma materUniversity College School
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
National Academy of Sciences

Arthur Edwin Kennelly (fødd 17. desember 1861 i India, død 18. juni 1939) var ein amerikansk elektroningeniør. Han er mest kjend for arbeidet sitt innan elektromagnetisme og vekselstraumteknikk, der han mellom anna innførte komplekse tal i kretsutrekningar. Han introduserte òg omgrepet impedans.

Han postulerte òg at det var eit elektrisk leiande lag i atmosfæren, etter at han merka seg at eksperimentet til Guglielmo Marconi med å overføre radiobølgjer over Atlanteren frå England til Newfoundland i 1901 ikkje kunne forklarast ved direkte utbreiing av bølgjene langs jordoverflata. Kort tid etter, utan at dei visste om kvarandre, kom den britiske fysikaren Oliver Heaviside med same teori. Dette laget vert kalla Kennelly-Heaviside laget eller E-laget.

Han vart utdanna ved University College i London og arbeidde saman med Thomas Alva Edison frå 1887 til 1894. I 1902 og fram til 1930 var han professor ved Harvard University. Kennelly var oppteken av å få innført standardiserte einingar i elektriske målingar.

Han var æresdoktor ved fleire amerikanske og europeiske universitetet og mottok mykje heider.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]