Arthur Schopenhauer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Arthur Schopenhauer.
Kunstnar: Jules Lunteschütz.

Arthur Schopenhauer (fødd 22. februar 1788 i Danzig, død 21. september 1860 i Frankfurt am Main) var ein særeigen tysk filosof som særleg har hatt stor innverknad på mange kunstnarar og forfattarar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Arthur Schopenhauer vart fødd i Danzig (polsk: Gdansk) i det noverande Polen som son av ein kjøpmann. Han studerte ved Universitetet i Jena i Thüringen og fullførte doktorgraden sin herifrå i 1813 med avhandlinga Ueber die vierfache Wurzel des Satzes vom zureichenden Grunde. Då faren døydde, gjorde arva at Schopenhauer vart økonomisk uavhengig. Han virka som privatdosent i Berlin frå 1820-1832, men flytte deretter til Frankfurt am Main der han levde ugift til han døydde i 1860. Han var ein lite populær universitetsfilosof, men mot slutten av livet sitt vart han mykje lesen. I ettertid har Schopenhauers filosofi hatt stor påverknad på kunstnarar og tenkjarar av vidt forskjellige retningar. Av dei mange som vart inspirerte av Schopenhauers tenking, er det mange kunstnarar og forfattarar, men også nokre filosofar og vitskapsfolk, m.a. Friedrich Nietzsche, Sigmund Freud, Ludwig Wittgenstein, Henri Bergson samt Peter Wessel Zapffe. Elles har kunstnarane Richard Wagner, Leo Tolstoj, Albert Einstein, Samuel Beckett, Thomas Mann og Hermann Hesse late seg fascinera av den nedtrykkjande tankeverda hjå Schopenhauer. I 1911 skipa filosofen Paul Deussen Schopenhauer Gesellschaft, som eksisterer enno. Deussen gav også ut dei samla verka etter Schopenhauer i 16 bind frå 1911-1942; det har seinare kome ut nyutgjevingar.

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

Schopenhauer tok utgangspunkt i Immanuel Kants filosofi. Lik han meinte Schopenhauer at erkjenninga berre gjev oss kjennskap til vår oppfatning av tinga rundt oss, og ikkje korleis tinga er i seg sjølve (Das Ding-an-sich). Den blinde livsviljen blei vesentleg i Schopenhauers filosofi; han meinte at mennesket sin eigen livsvilje var det djupaste, det einaste det fullt og heilt kan lita på, og at mennesket gjennom den likevel får tilgang til det eigentlege vesenet i tinga. I dette skil Schopenhauer seg frå Kant, og han skriv ein del kritikk mot hans filosofi, m.a. i hovudverket sitt frå 1819: Die Welt als Wille und Vorstellung (Verda som vilje og førestilling). For Schopenhauer har heller ikkje tilveret noka anna meining enn denne blinde livsviljen, og all eksistens er ei ulukke, det er liding. I Die Welt als Wille und Vorstellung uttrykkjer han at livet «...svingar dermed, lik ein pendel, hit og dit mellom smerte og keisemd.» [1] Den høgaste manifestasjonen av livsviljen er kjønnsdrifta, som berre forbigåande kan tilfredsstilla mennesket. Etikken består for Schopenhauer i å fornekta viljen gjennom sjølvfornekting eller sjølvoppofring. Schopenhauer formulerte her ein filosofi av medynk, som for han var å erkjenna det eigne i den andre. Den djupt pessimistiske metafysikken hjå Schopenhauer finn berre forløysing i den naturlege døden, som representerer ein frigjerande ikkje-eksistens.

Schopenhauer var misogyn og uttalte seg ofte negativt om kvinner, men han hylla kunsten, særleg musikken, der han kunne erfara sjølve menneskets livsvilje. Han avviste filosofien til Hegel, og skreiv krasse polemikkar mot både han og andre representantar for den tyske idealismen, t.d. Fichte og Schelling.

Schopenhauer og den frie viljen[endre | endre wikiteksten]

Minnestøtta over Schopenhauer i Frankfurt am Main.
Foto: Frank Behnsen.

Schopenhauer var determinist og meinte at mennesket ikkje har fri vilje, sjølv om det innbillar seg at det har det. I skriftet Ueber die Freiheit des menschlichen Willens (Om menneskets frie vilje) argumenterte han imot at eit slikt fridomsmedvit på noko vis kan garantera at ein verkeleg har fri vilje. For å illustrera dette, nytta han ein allegori der vatnet var i stand til å snakka med seg sjølv. Vatnet kunne då seia: «Eg kan laga høge bølgjer, eg kan fløyma nedover og eg kan bli til damp og stiga oppover, men nett no vel eg å liggja heilt stille i denne dammen.» Det kan i røynda gjera alle desse tinga, men vatnet er ikkje medvite om at det alltid er krefter utanfrå som forårsakar at det gjer det. For at vatnet skal kunna laga bølgjer, trengst det vind, og for at vatnet skal kunna fordampa, trengst det varme. Dersom vatnet blir tilsett varme, kan det ikkje velja å ikkje fordampa, sjølv om det ikkje er klar over kva slags krefter som gjer at det fordampar. Nett slik er det med mennesket òg, skreiv Schopenhauer: «Mitt fridomsmedvit er berre eit manglande medvit om dei årsakene som i realiteten bestemmer mi åtferd.» [2]

For Ueber die Freiheit des menschlichen Willens vart Schopenhauer tildelt gullmedalje frå Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim i 1839, men dette var den einaste vitskaplege påskjønninga han fekk i levetida si. Skriftet vart utgjeve i bokform i 1841 saman med Ueber das Fundament der Moral (Om moralens fundament) med overskrifta Die beiden Grundproblemen der Ethik - (Etikkens to grunnproblem).

Viktige verk[endre | endre wikiteksten]

  • Über die vierfache Wurzel des Satzes vom zureichenden Grunde, doktoravhandling 1813
  • Über das Sehn und die Farben, 1816
  • Die Welt als Wille und Vorstellung, 1819,
  • Über den Willen in der Natur, 1836
  • Die beiden Grundproblemen der Ethik, 1841
  • Parerga und Paralipomena, 1851

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Omsett frå tysk i Die Welt als Wille und Vorstellung av Schopenhauer, gjengjeve i wikipedia på tysk om Arthur Schopenhauer.
  2. Lars Fr. H. Svendsen og Simo Säätelä (2004) Det sanne, det gode og det skjønne, 2. utgåve, s. 168. Universitetsforlaget