Arthur Soltvedt Møbelfabrikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arthur Soltvedt Møbelfabrikk, også kjend som Pega Møbler, var ei familieverksemd som vart etablert i 1942 og var ein av dei første møbelprodusentane i Noreg med eit fokus på serieproduksjon. Verksemda var ein dei store aktørane innan norsk møbeleksport på 50- og 60-talet. Produksjonen vart avvikla i 2011.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arthur Soltvedt Møbelfabrikk på møbelmessa i Köln, 1960.
Foto: Hordaland fylkesarkiv

Verksemda vart først etablert i Øystese under andre verdskrig, men vart flytta til FlorvågAskøy, like utanfor Bergen, i 1948.

Opphavleg bestod produksjonen av enkle soveromsmøblar, men etter at eit samarbeid vart starta med den danske designaren Ib Juul Christiansen i 1952 vart den første Pega-hylla utarbeidd.[1] Pega-konseptet utvikla seg til den største suksessen til verksemda; ein serie med møblar som kunne kombinerast med kvarandre på ei stor mengde forskjellege vis.

Pega-systemet vart ei viktig eksportvare allereie etter få år, og i periodar kan så mykje som halvparten av produksjonen ha vore retta mot eksportmarknaden,[2] hovudsakleg til USA og Tyskland. Scandialine og ScandiaCraft var ansvarlege for eksport av Pega Møbler til USA.

Auka etterspurnad i utlandet førte til at verksemda flytta til nye lokale i Bakarvågen, eit lite stykke nord for Florvåg. Dette gav ei auke i golvareal frå 500m2 til 2 600m2 og mogelegheit for å tilsette ein større mengde personell.[2]

I 1979 flytta verksemda på nytt; denne gong til nybygde fabrikklokale på Follese, på vestsida av Askøy, to år etter at det eigentleg var planlagd.[3]

Frå 80-talet vart bedrifta offer for skiftet i bransjen frå tradisjonelle møbelprodusentar til store kjeder. Delar av eksportmarknaden forsvann, og behovet for tilsette fall kraftig. I 2003 var det berre 12 tilsette. Finanskrisen øydela siste rest av eksportmarknaden, og i 2011 valde leiinga å avvikle verksemda kontrollert før ein eventuell konkurs.[4]

Arkiv[endre | endre wikiteksten]

Arkivmaterialet etter verksemda er overlevert Hordaland fylkesarkiv. Arkivet etter verksemda gjer eit godt innblikk i norsk møbelindustri og eksport til Europa og USA, særleg på 50- og 60-talet. Det omfattande korrespondansearkivet gjev innblikk i eksportsituasjonen generelt for norsk møbel- og trevirkeindustri.

Arkivet inneheldt også ei stor mengd reklamebrosjyrar frå Pega Møbler og andre møbelprodusentar; norske og utanlandske. Dette medfører at arkivet har ein nytteverd for studentar og forskarar innanfor fagfelta økonomi og kunsthistorie i tillegg til den historiske verdien av materialet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. : Familien Soltvedts klassiker, Bergens Tidende. Besøkt 17. desember 2012
  2. 2,0 2,1 Fossen, Anders B.: Askøys historie III - Vår egen tid. Bergen 1998, s. 124
  3. Fossen, Anders B.: Askøys historie III - Vår egen tid. Bergen 1998, s. 188
  4. : Legger bedriften på hyllen, Bergens Tidende. Besøkt 17. desember 2012