Arthur Wesley Dow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arthur Wesley Dow

Statsborgarskap USA
Fødd 6. april 1857
Ipswich
Død

13. desember 1922 (65 år)
New York by

Yrke kunstmålar, grafikar, fotograf, lærar, grafikar
Sjanger landskapsmåleri
Arthur Wesley Dow på Commons
Arthur Wesley Dow: August Moon, 1905

Arthur Wesley Dow (6. april 185713. desember 1922) var ein amerikansk målar, trykker, fotograf og innverknadsrik kunstlærar.

Dow var fødd i Ipswich i Massachusetts. Han arbeidde ved fleire av kunstutdanningsinstitusjonane i USA i tre tiår, blant anna Teachers College ved Columbia University, Arts Students League, Pratt Institute og hans eigen Ipswich Summer School of Art. Ideane hans var ganske revolusjonerande for tida; han meinte at ein heller enn å kopiera naturen skulle skapa kunst frå element som fargesetjing, linjer, masse og kontrastar. Han formulerte tankane sin i boka Composition: A Series of Exercises in Art Structure for the Use of Students and Teachers frå 1899. Dow utdanna fleire av dei fremste kunstnarane i landet, som Georgia O'Keeffe og Byrdcliffe Colony.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Arthur Wesley Dow