Artikkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ordet artikkel har fleire tydingar, sjå fleirtydingssida

Ein artikkel er ein sakprosasjanger som legg vekt på saksinnhaldet medan personlege trekk ved teksten er nedtona. Oppbygginga av ein artikkel er logisk og velordna og følgjer ofte ei klassisk tredeling med innleiing, midtdel og konklusjon. Språket er normalprosa med moderat bruk av litterære verkemiddel. Det er stort spenn i meiningsinnhald innan undersjangrane av artikkelen, frå den nøytrale og informative leksikonartikkelen til artiklar som inneheld spissformulerte meiningsytringar, t.d. leiarartikkelen eller lesarbrevet i ei avis. Artikkelsjangrane varierer også mykje i lengde og informasjonsmengde. Her utgjer den minste nyhendeartikkelen i ei avis, notisen, eit ytterpunkt, medan fagartikkelen er døme på artiklar som kan vera lange og innhaldsrike.

Artikkelen som skulesjanger[endre | endre wikiteksten]

I norskfaget i den vidaregåande skulen skal elevane læra å skriva kommentarar, drøftingar og fagartiklar. Kommentaren tar gjerne utgangspunkt i ein tekst eller ei utsegn, og så skal eleven uttrykkja sitt syn på denne. Drøftingsoppgåver tek oftast utgangspunkt i ein påstand eller ei problemstilling. Ein skal trekkja inn pro- og kontra-argument, og til slutt la drøftinga enda opp i ein grunngjeven konklusjon. Elevane skal også øva seg på å skriva fagartiklar. Her blir det lagt stor vekt på korrekt og kritisk bruk av kjelder.

Avisartiklar[endre | endre wikiteksten]

Vitskaplege artiklar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.