Artisten André

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Andrey Hovnanian (armensk Անդրեյ Հովնանյան), kjend som André (armensk Անդրե) (fødd 1. juli 1979 i Stepanakert) er ein armensk songar. Han vann prisen for beste mannlege songar på Armenian Music Awards i 2004, 2005, 2006, 2007 og 2008.

Eurovision Song Contest 2006[endre | endre wikiteksten]

I 2006 vart han den fyrste til å representere Armenia i Eurovision Song Contest. Han song «Without Your Love», ein miks mellom moderne vestleg musikk og tradisjonell armensk musikk. Songen vart skriven av Armen Martirosyan.

Han starta som nummer éin i semifinalen, før Bulgaria med «Let Me Cry» av Mariana Popova.

Bidraget fekk tolv poeng frå Belgia, Kypros, Russland, Nederland, Frankrike og Spania, ti poeng frå Tyrkia, Israel og Hellas, åtte poeng frå Bulgaria, sju poeng frå Kviterussland, Ukraina og Tyskland, tre poeng frå Albania, Polen, Sverige, Sveits og Storbritannia, to poeng frå Romania og Moldova. Armenia fekk tilsaman 150 poeng og enda på sjetteplass av totalt 23 bidrag. Han gjekk dimed vidare til finalen.

Han starta som nummer 24 i finalen, etter Tyrkia med «Süper Star» av Sibel Tüzün.

Bidraget fekk tolv poeng frå Russland og Belgia, ti poeng frå Hellas, Frankrike, Tyrkia og Nederland, åtte poeng frå Israel, Spania, Ukraina, Kviterussland og Bulgaria, sju poeng frå Moldova og Kypros, fem poeng frå Polen, tre poeng frå Tyskland, to poeng frå Litauen og eitt poeng frå Romania. Armenia fekk tilsaman 129 poeng og enda på åttandeplass av totalt 24 bidrag. Landet kvalifiserte seg dimed direkte til finalen i Eurovision Song Contest 2007.

Før tevlinga klaga aserbajdsjanske massemedia på at den offisielle nettstaden til Eurovision Song Contest, eurovision.tv, hadde oppgjeve Nagorno-Karabakh som fødestaden til André, til tross for at Nagorno-Karabakh òg vart reikna som ein del av Aserbajdsjan på den tida André vart fødd. Resultatet vart at fødestaden vart fjerna frå sida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]