Artouze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Artouze
عرطوز
landsby
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Qatana-distriktet
Nahiyah Qatana
Koordinatar 34°01′N 36°43′E / 34.017°N 36.717°E / 34.017; 36.717
Folketal 20 000  (2007 est.)
Tidssone EET (UTC+3)
Kart
Artouze
34°01′00″N 36°43′00″E / 34.016666666667°N 36.716666666667°E / 34.016666666667; 36.716666666667

Artouze (arabisk عرطوز, 'Artūz) er ein by 15 km sørvest for Damaskus i Syria. I 2007 vart folketalet estimert til 20 000.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst få spor av byen i historia, men det finst ein referanse til ein by som låg på omtrent same stad som Artouze under Det assyriske riket. Det finst òg ein romersk kanal som framleis vert nytta til å vatning av dei nærliggande gardane.

Artouze kan òg vere ein stad nemnt i Det nye testamentet medan disiplane er på veg til Damaskus. Staden der Jesus skal ha synt seg er i dag minna av eit tempel, som pave Johannes Paul II vitja då han var i Syria i 2000.

Dei fleste gardane var eigd av rike familiar frå Damaskus under osmansk og fransk tid. Landområda vart fordelt på ny under president Gamal Abdel Nasser.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Artouze ligg 15 km sørvest for Damaskus, 6 km aust for Qatana. Han ligg langs hovudvegen mellom Damaskus og Golanhøgdene. Elva Awaj renn gjennom byen og deler seg i tre greiner.

Artouze har ein tvillingby berre 2 km lenger nord kalla Judidet Artouze. Dei to byane har i dag vokse meir eller mindre saman.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1980-åra var hovudnæringa i Artouze stort sett jordbruk. Oliven, kveite og kvitlauk var dei viktigaste produkta. Etter kvart som Damaskus har vokse, har Artouze utvikla seg raskt og økonomien er i dag meir tenestebasert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]