Artur Rasizadə

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Artur Tahir oğlu Rasizadə, fødd 1935, er ein aserbajdsjansk politikar og statsminister i Aserbajdsjan. Han var statsminister frå 20. juli 1996 til 4. august 2003 under president Heydər Əliyev. Han gjekk av for å gjera plass for presidenten sin son, İlham Əliyev, som vart utpekt til statsminister i forkant av presidentvalet i oktober 2003. Etter at İlham Əliyev hadde vunne presidentvalet utnevnde han på nytt Artur Rasizadə som statsminister, frå 4. november 2003.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Artur Rasizadə