Artxanda

Koordinatar: 43°16′26.25″N 2°55′14.34″W / 43.2739583°N 2.9206500°W / 43.2739583; -2.9206500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn over Bilbao frå Artxanda. Pagasarri og Ganekogorta er synlege på den andre sida av byen.

Artxanda er ei av to små fjellkjeder som ligg i kommunen Bilbao i Spania. Den andre er Pagasarri. Av dei to er denne fjellkjeda lågare, og ingen punkt går over 300 meter over havet. Artxanda ligg nærare sentrum i byen og er tett utbygd. Mellom Artxanda og Monte Avril ligg Santo Domingo-passet.

Det går ein kabelbane frå sentrum i Bilbao til toppen av fjellet, der det ligg parkar, restaurantar, eit hotell og eit idrettsanlegg. Området er populært hos innbyggjarane og gjev eit flott utsyn over byen for turistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

43°16′26.25″N 2°55′14.34″W / 43.2739583°N 2.9206500°W / 43.2739583; -2.9206500