Arv i programmering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av arv, sjå arv (fleirtyding)

Arv i datateknisk forstand er når ein ved objektorientert programmering lèt ein ny klasse overta eigenskapane til ein eksisterande klasse som alt er definert. I tillegg kan ein gje den nye klassen særeigne eigenskapar. Slik kan ein bruke koden opp att med liten eller ingen endring.

Arv vart fyrste gong brukt i 1967 i det norskutvikla programeringsspråket Simula.