Arve Kambe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arve Kambe (fødd 25. november 1974 i Haugesund) er ein norsk politikar frå H. Han vart valt inn på Stortinget frå Rogaland i 2009. Han er cand.mag. med rettsvitskap grunnfag, mellomfag historie, mellomfag samanliknande politikk, og har fullført tre eksamenar i hovudfag samanliknande politikk. Han har jobba som marknadssjef i Trygge Barnehager.
Han var bystyremedlem i Haugesund kommune 1995–2009, formannskapsmedlem frå 2001, og gruppeleiar frå 2003. Han var også fylkestingsmedlem frå 1999 til 2003. Kambe var nestleiar i Unge Høgre frå 1998 til 2000. I 2009 var han Rogaland Høgres 3. kandidat til Stortinget, og vart valt inn saman med Bent Høie og Siri A. Meling.
[endre] Stortingskomitear
- 2009–2013 medlem i Finanskomiteen
[endre] Bakgrunnsstoff
- Arve Kambe hos Stortinget
- Arve Kambe hos Rogaland Høgre
- Arve Kambe hos TV 2