Arve Opsahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arve Opsahl (14. mai 192129. april 2007) var ein norsk skodespelar, songar og komikar som er mest kjend frå rolla som «Egon Olsen» i filmane om Olsenbanden, og sidan 1990-talet frå rolla som Henry i komiserien Mot i brøstet.

Opsahl vart fødd i Oslo som son av smeden Aksel W. Opsahl (1886-1963) og hustrua hans Alvilde (1889-1958). Han debuterte og som skodespelar i 1942, med Scalia revyteater, seinare på Edderkoppen og Chat Noir i ei årrekkje til han i 1967 vart tilsett ved Oslo Nye Teater. Frå 1980 var han frilans med mellom anna oppgåver for Dag Frøland på Chat Noir. Han vart raskt ein av dei leiande kunstnarane i norsk revy.

Han var stjerna i Helsingborgsteatern sin riksturné i 1951, og han har gjestespela fleire gonger i Sverige. I Sverige har han kanskje vorte mest kjend for ein fjernsynssketsj han spela i 1963 der han som norsk sjømann vart fortalt av den overordna: «Pikene i Lisboa har ikke mer enn pikene i Oslo». Til det svara sjømannen: «Nei, men det de har, det har de her i Lisboa».

Som songar[endre | endre wikiteksten]

Det var som songar på grammofon Opsahl slo gjennom fyrst med debutplata Når det kommer en båt med bananer (1945), ein av storseljarane i 40-åra. Han gav ut åtte plater til på Telefunken fram til 1950. Materialet var stort sett originalskrive norsk, signert Henry Skilbred eller Anders Saus. I 1950 gav han også ut revysongane «Gyngene og karusellen» og «Brudeparet» (Alf Hartmann og Frank Ottersen), og duetten «Music Music Music» med Sølvi Wang, og vidare den norske versjonen av «Kokosnøtten» av Erik Diesen («I’ve Got A Lovely Bunch Of Coconuts»). I 1951 spela han inn klassiske sjømannsviser med revytekstar, «Den hundevakta» og «I brenning og vær». I 1960 var han med på to populære EP-plater med NRK-opptak, Babbis Friis Baastad sin barneklassikar Tulutta og Makronelle og Kjell Aukrust sin Flåklypa Radio.

Mange av revyvisene sine song han inn spesielt for LP-plata Arve 25 år frå 1965, der tittelen spelar på skodespelarjubileumet hans. På den finn ein titlane «Det holder det, sa Gundersen», «Konfektgutten», «Statsborgerlige rettigheter», «Kinseyrapporten» og «Nettopp da blir en ny kineser født». Av dei mange «Sint Mann»-monologane hans finst «Veien til sunnhet» på Lyse øyeblikk (1973) og «Den sinte mann» på Jeg har mitt hjerte i Oslo (1979). På Gamle revyviser (1978) framfører han ein ny versjon av «Det holder det, sa Gundersen» ved sidan av «Vigeland» av Einar Rose og «Klonken» av Victor Bernau.

Mest kjend av sjømannsvisene er kanskje «Medisin, medisin med det samme!» (1962) og «Tra-rei-da-di-da-di-dei» (1971). På Syng med Arve Opsahl (1982), kappvitsar han med det svenske motstykket sitt Carl Gustaf Lindstedt på songen «Vitsekrigen» (1979). 75-årsjubileet i 1996 vart markert med utgjevinga av samleplata Jubeljubilaren.

Film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Han debuterte på film i 1949 i Svendsen går videre. Andre filmar han har spela i er mellom andre Operasjon Løvsprett (1962), Hurra for Andersens (1966), revyfilmen Kjære lille Norge (1973). I tillegg har han hatt rolla som Egon Olsen i alle filmane om Olsenbanden som vart innspela frå 1969 til 1999. Opsahl er ein av dei mest engasjerte filmskodespelarane i Noreg, og har bidrege i drygt 40 filmproduksjonar.

På fjernsyn er han mest kjent frå rolla som Henry i den populære komiserien Mot i Brøstet som gjekk på TV 2 på store delar av 90-talet. Han deltok òg i oppfølgjaren Tusenårsfesten som vart utgjeven på video og var meint som ei slags samanslåing av Mot i Brøstet og Karl & Co.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Han måtte amputere delar av den eine foten under innspelinga av den siste filmen om Olsenbanden i 1999.

Han byrja som konfektgut på Chat Noir i 1938, men han byrja å utdanne seg til revisor. På studentane si friundervising vart han med i ein teatersirkel, og vart i 1942 hovudpersonen i revyen deira i Folkets Hus.

Han gifta seg med kona Mary både i 1945 og 1954. I mellomtida var han gift med ei svensk kvinne.

Film[endre | endre wikiteksten]

  • 1949 - Svendsen går videre
  • 1958 - I slik en natt - Politimann
  • 1960 - Millionær for en aften
  • 1961 - Bussen - Ein måsabjønn
  • 1961 - Oss atomforskere i mellom
  • 1961 - Sønner av Norge - Drabantbyborger
  • 1962 - Operasjon Løvsprett - Bottolph Johansen, bilreparatør
  • 1964 - Blåjackor - Månsson
  • 1964 - Husmorfilmen høsten 1964
  • 1964 - Nydelige nelliker - Slegga
  • 1964 - Operasjon sjøsprøyt - Bottolph Johansen, kokk
  • 1965 - Hjelp - vi får leilighet! - Madsen, vaktmeister
  • 1966 - Hjem går vi ikke
  • 1966 - Hurra for Andersens - Carl Alfred Andersen
  • 1967 - Stompa til sjøs - Båsen
  • 1968 - Smuglere - Karlsen, skipper
  • 1969 - Olsenbanden - Egon Olsen
  • 1969 - Psychedelica Blues - Hans Korsmo
  • 1970 - Olsenbanden og Dynamitt-Harry - Egon Olsen
  • 1970 - Skulle det dukke opp flere lik er det bare å ringe... - Overbetjent Henry Bakker
  • 1971 - Norske byggeklosser - Entreprenør Kleppe
  • 1972 - Olsenbanden tar gull - Egon Olsen
  • 1973 - Kjære lille Norge
  • 1973 - Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amokkkkkk - Egon Olsen
  • 1974 - Bør Børson Jr. - Ohlzén
  • 1974 - Knutsen & Ludvigsen - Konduktøren
  • 1975 - Glade vrinsk
  • 1975 - Olsenbanden møter Kongen & Knekten - Egon Olsen
  • 1975 - Olsenbandens siste bedrifter - Egon Olsen
  • 1976 - Bør Børson II - Ohlzén
  • 1976 - Olsenbanden for full musikk - Egon Olsen
  • 1978 - Olsenbanden & Dynamitt-Harry på sporet - Egon Olsen
  • 1979 - Olsenbanden + Data-Harry sprenger verdensbanken- Egon Olsen
  • 1979 - Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder - Egon Olsen
  • 1981 - Olsenbanden gir seg aldri - Egon Olsen
  • 1982 - Olsenbandens aller siste kupp - Egon Olsen
  • 1984 - ... men Olsenbanden var ikke død! - Egon Olsen
  • 1988 - Folk och rövare i Kamomilla stad - Kjøpmann Berg
  • 1989 - Tidlös kärlek
  • 1990 - En Håndfull tid - Hannibal
  • 1992 - Ute av drift! - Rasmus Lange
  • 1999 - Olsenbandens siste stikk - Egon Olsen

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

  • 1966 - Kontorsjef Tangen (Fjernsynsteater)
  • 1968 - Festival i Venedig - R. N. Fitzmorris, marineoffiser (Fjernsynsteater)
  • 1993 - Mot i brøstet - Henry
  • 1994 - The Julekalender - Good Old Gammel Nok
  • 1999 - Tusenårsfesten - Henry (video)
  • 2000 - Absolutt Mot i Brøstet - Henry (video)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1964 Operasjon Sjøsprøyt (Triola) soundtrack, EP
  • 1965 Arve 25 år (NorDisc)
  • 1965 Sett Sjøbein med Arve Opsahl! (NorDisc)
  • 1972 Kjære lille Norge (Camp)
  • 1979 Vitsekrigen (K-Tel) m/Carl Gustaf Lindstedt
  • 1982 Syng med Arve Opsahl (Studio B)
  • 1996 Jubeljubilaren (Triola) samleplate

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]