Arve Tellefsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arve Tellefsen
Foto: Harry Wad

Arve Tellefsen (fødd 14. desember 1936) er ein norsk internasjonal fiolinist.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Tellefsen er fødd og oppvaksen i Trondheim. Som seksåring byrja han å spela fiolin ved Trondheims musikkskole hjå Arne Stoltenberg. I 1955 byrja han å studera ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København, der professor Henry Holst var hovudlæraren hans. I 1956 vann Tellefsen Prinsesse Astrids Musikkpris, og i 1959 debuterte han i aulaen til Universitetet i Oslo. Han studerte vidare i New York under Ivan Galamian.

I åra 1970–75 var Arve Tellefsen delar av året i Stockholm som konsertmeister i Sveriges Radios Symfoniorkester under dirigenten Sergiu Celibidache. 1977–81 hadde han eit tilsvarande engasjement ved orkesteret Wiener Symphoniker under dirigenten Carlo Maria Giulini. Då Norges musikkhøgskole vart oppretta i 1973, vart han den fyrste professoren i fiolinspel. Men utanlandskarrieren vart for krevjande, og han sa frå seg embetet etter eitt år, før han kom attende til musikkhøgskulen att og la ned eit viktig arbeid der i perioden 1983–92.

Tellefsen har òg vore aktiv innan kammermusikk, og han har opptredd på mange festivalar over heile verda. Tolkingane hans av Grieg sine tre fiolinsonatar gjorde han fortent til Griegprisen i 1973; sonatane vart seinare spelte inn på plate saman med Eva Knardahl. 30 år seinare gjorde han ei ny innspeling av sonatane (saman med Håvard Gimse).

Tellefsen har ikkje vore redd for å opptre i nye musikalske samanhengar. Ein periode arbeidde Tellefsen og pianisten Kaare Ørnung saman med artistane Gustav Lorentzen og Øystein DolmenKnutsen & Ludvigsen») for å presentera kvalitetsmusikk i ei uhøgtideleg ramme for born og unge. Tusenvis kom til konsertane deira, og endå fleire fekk høyra dei på radio, fjernsyn og gjennom plateinnspelingar. Tellefsen har òg laga innspelingar av melodiøse og fengande fiolinstykke i nye arrangement med synthesizerar og samplerar, foreteke av Kjetil Bjerkestrand. Utgjevinga Pan selde nær 150 000 eksemplar i 1988, noko som overgjekk alle andre norske utgjevingar det året.

I 1989 skipa Tellefsen Oslo Kammermusikk Festival, som finn stad i hovudstaden kvar sommar, i midten av august. Festivalen var den fyrste kammermusikkfestivalen i Noreg, og trekkjer til seg internasjonale toppartistar frå heile verda. Tellefsen har elles vore solist med dei leiande orkestra på alle kontinent, og han har spelt med dei fremste dirigentane i tida. Han vert rosa av kritikarane for den kjenslevare tonen sin, det musikalske sinnet sitt og ei djup tolkingsevne. Arne Nordheim har skrive ein fiolinkonsert etla til Tellefsen, tinga av Oslo Filharmoniske Orkester, og her var Tellefsen i dialog med komponisten frå fyrste tone. Urframføringa fann stad i 1997.

Arve Tellefsen er elles kjend for å eiga ein fiolin bygd av Giuseppe Guarneri del Gesù i 1741.[1] Han er òg kjend for å ha vorte far til to døtrer i godt vaksen alder.

I 2010 vart Arve Tellefsens Musikerpris delt ut for fyrste gong under Olavsfestdagane i Trondheim. Fyrste mottakar vart den unge fiolinisten Vilde Frang.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

(utval)

Prisar og heider[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Arve Tellefsen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]