Arvid Fladmoe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arvid Emil Fladmoe (fødd 8. mai 1915 i Oslo, død 18. november 1993 i Oslo) var ein norsk fiolinist og dirigent som fekk mykje å seia for utviklinga av opera og operetter i Noreg.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Arvid Fladmoe voks ikkje opp i nokon utprega musikkinteressert familie, men han hadde ei tante som spela fiolin og fekk musikkinteressa frå henne. Han starta å spela fiolin som åtteåring, tok fiolintimar i heimbyen før han seinare studerte fiolin i to år i London ved Royal Academy of Music. 12 år gamal kom han inn som fiolinist i orkesteret til Kampen KFUM, Arioso, som no heiter Oslo Symfoniorkester. Fladmoe vart utnemnt til dirigent for orkesteret berre 18 år gamal. Han gjorde ein strålande solistdebut den 25. november 1933.

Frå 1938-1940 var Arvid Fladmoe konsertmeister for Musikselskabet Harmoniens orkester i Bergen, der han samtidig tok bratsjtimar med ein kjend ungarsk bratsjist. Fladmoe forlova seg med pianisten Esther Barratt Due, og heldt også konsertar saman med henne tilbake i Oslo; dei gifte seg i 1940. I 1944 var han solist med Filharmonisk Selskaps Orkester i byen, men etter krigen vart det dirigering han satsa på.

Nationaltheatret hyra Fladmoe inn som dirigent til orkesteret sitt frå 1946-1948. Deretter dirigerte han Trondheim Symfoniorkester i to år og starta samtidig opp Trondheim Kammerorkester før han vendte attende til hovudstaden for godt i 1950. Fladmoe fekk no fast stilling ved Nationaltheatret heilt fram til orkesteret vart nedlagt i 1958. Dette skuldast at operaene vart flytta til den nyoppstarta Den Norske Opera. Arvid Fladmoe reiste no til Bergen og vart sjefdirigent for Musikselskabet Harmoniens orkester fram til 1961. Då vart det ledig stilling som 1. kapellmeister ved Den Norske Opera i Oslo, og Fladmoe var det naturlege valet. Han stod for ei rekkje vellukka oppsetnader i denne posisjonen.

Norges musikkhøgskole vart oppretta i 1973, vart Arvid Fladmoe tilsett som dirigentlærar, og vart forfremja til professor i 1983. Han døydde ti år etter, 78 år gamal.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]