Arvid Hanssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arvid Hanssens byste
Foto: Helga

Arvid Hanssen (28. juli 193231. juli 1998) var ein norsk forfattar frå Senja, og statsstipendiat frå 1993.

Hanssen var ein folkekjær diktar som mellom anna fekk fleire av dikta sine tonsette av Tove Karoline Knutsen, og til dømes Kom sommarvind vart ein retteleg slager.

Forutan dikt skreiv han mange barnebøker med handlinga lagt til nordnorske miljø, på 70-talet kom dei ut hjå Norsk Barneblads forlag, seinare hjå J.W. Cappelens forlag. Den fyrste vaksenromanen hans kom i 1981, Søsken på Guds jord. Romanen vart filmatisert av Laila Mikkelsen i 1983 med Anneli Drecker i ein hovudrolle.

Han brann for å betra kåra til dei svakaste i samfunnet, særleg dei psykisk utviklingshemma, og det kjem tydleg til uttrykk i fleire av bøkene hans, mellom anna i romantriologien Søsken på Guds jord, Håpet har sterke hender og Englebrød.

Lenvik kommune har oppkalla ein plass etter forfattaren, kalla Arvid Hanssens plass. Han ligg utanfor Lenvik kulturhus på Finnsnes. Her er det reist ei byste av Hanssen.

Bøkene hans har vorte omsette til dansk, svensk og samisk.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Barnebøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1972 Han Johannes og eg (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
  • 1973 Kampen om Veslevågen (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
  • 1975 Den vonde vinteren : forteljing frå Nord-Noreg i 1930-åra (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
  • 1976 Randi til rors (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
  • 1977 Langt nord i verda (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
  • 1977 Året har mange dagar (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
  • 1978 Kaldt hav (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
  • 1979 For ein ferietur! (Norsk Barneblads forlag, Larvik)
  • 1980 Den store båra, ungdomsroman (Cappelen, Oslo)
  • 1983 Busserull-tider (Cappelen, Oslo)
  • 1986 Topphuve-tider (Cappelen, Oslo)
  • 1988 Jente-tider (Cappelen, Oslo)
  • 1993 Trollmøte : tankebitar her og no (Cappelen, Oslo)

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1977 I nordavindshagen (Rune forlag, Trondheim)
  • 1977 Vise i støa (Cappelen, Oslo)
  • 1978 Godt at gråmåsen song (Cappelen, Oslo)
  • 1979 Åresang (Cappelen, Oslo)
  • 1980 Støveldains (Cappelen, Oslo)
  • 1983 Slipesteinstankar (Cappelen, Oslo)
  • 1993 Sandkornjubel (Cappelen, Oslo)

Visesamlingar[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • 1981 Søsken på Guds jord (Cappelen, Oslo)
  • 1984 Håpet har sterke hender (Cappelen, Oslo)
  • 1985 Englebrød (Cappelen, Oslo)
  • 1987 Frontene (Cappelen, Oslo)
  • 1989 Kjærestebåten (Cappelen, Oslo)
  • 1990 Fader armod (Cappelen, Oslo)
  • 1991 Det svarte skjæret (Cappelen, Oslo)
  • 1992 Skipperens vilje (Cappelen, Oslo)
  • 1993 Ubåtnetter (Cappelen, Oslo)

Novellesamlingar og anna[endre | endre wikiteksten]

  • 1988 Ho Nætta på hylla : og andre stubba (Cappelen, Oslo)
  • 1990 Småkarer under frostmåne skriven i lag med Arthur Arntzen (Cappelen, Oslo)

Lokalhistoriske bøker og skrifter[endre | endre wikiteksten]

  • 1968 Troms Innland Rutebil 50 år
  • 1973 Finnsnes og handelen
  • 1975 Samvirke på Finnsnes
  • 1979 Lenvik kirke 100 år
  • 1988 Troms Ungdomsfylkings historie

Musikkinnspelingar[endre | endre wikiteksten]