Arvid Johanson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arvid Helmer Johanson [1] (fødd 3. februar 1929 i Halden, død 6. november 2013) var ein norsk journalist, redaktør og politikar (Ap).

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Arvid Johanson var aktiv i AUF, Halden Ap og Østfold Ap alt som ung mann, m.a. som leiar for alle tre partiorganisasjonane. Då han fyrste gongen møtte på Stortinget som vararepresentant var han 26 år gamal, og dermed den yngste representanten sidan 1814. I 1958 fekk han fast plass på tinget og skulle bli sitjande 1958-61 og 1964-81; til saman 22 år. Seint på 1970-talet var han formann i industrikomitéen, deretter i utanrikskomitéen. I oktober 1980 vart han utnemnt til statsråd for fyrste gong då han vart leiar for olje- og energidepartementet under regjeringa Nordli. I februar 1981 gjekk Oddvar Nordli av som statsminister, men Johanson heldt fram som olje- og energiminister i regjeringa Brundtland I. Han hadde denne posisjonen fram til Høgre kom til makta i regjeringa Willoch ved valet i 1981. Etter valet mista Johanson stortingsplassen. [2]

Arvid Johanson hadde jobba som journalist i Halden Arbeiderblad sidan 1950, og i 1981 tok han over som redaktør. Johanson hadde stor interesse for heimbyen og heldt fast ved at avisa måtte dyrka den lokale profilen sin. Ved eit tilfelle medan han var redaktør skal han ha lenkja seg fast utanfor lokalsjukehuset i Halden då det var trua av nedlegging. Han gjekk av som redaktør i 1993.

Johanson gav også ut fleire lokalhistoriske bøker om Halden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]