Arvid Torgeir Lie
| Arvid Torgeir Lie | |
| Nasjonalitet | Norsk |
| Fødd | 18. august 1938 (74 år), i Skafså |
| Yrke | Forfattar |
| Påverka av | Aslaug Vaa |
| Periode | 1967 – |
| Ektefelle | Liv Greaker |
| Debut | Under fuglens vengjekross |
Arvid Torgeir Lie (fødd 18. august 1938) er ein norsk lyrikar frå Skafså.[1]
Lie voks opp i Åmdalsverk[2], og studerte ved Universitetet i Oslo før han ei tid arbeidde som skogsarbeidar.[1] Han debuterte i 1967 med diktsamlinga Under fuglens vengjekross, som var påverka av diktinga til Aslaug Vaa.[2] Han har sidan fått utgitt elleve diktsamlingar til, den seinaste kom i 2011. Lie har også skrive ei novellesamling og gjendikta bøker til norsk. Frå 1977 har han hatt Statens garantiinntekt for kunstnarar (kunstnarløn).[1]
Han fekk Halldis Moren Vesaas-prisen i 1995 for Eksakthet. Nærvær, og Melsom-prisen i 2007 for Innfor den myndige og den umyndige beretninga.[3] Same året fekk han også Doblougprisen.[4]
Lie har vore busett i Spydeberg kommune sidan 1997.[1]
Innhaldsliste |
Bøker [endre]
- 1967 – Under fuglens vengjekross – diktsamling
- 1968 – Snøvinter – diktsamling
- 1969 – Frå eit halvt liv – diktsamling
- 1971 – Skrive og tenke – diktsamling
- 1973 – Sol og sekund – diktsamling
- 1976 – Sju svingar opp – diktsamling
- 1981 – Eit merkeleg hus – diktsamling
- 1982 – Dikt i utvalg – dikt i utval
- 1986 – Den nye maskina – novellesamling
- 1990 – I eit Bergsto-år – diktsamling
- 1995 – Eksakthet. Nærvær – diktsamling
- 2001 – 39 fragment over ein harmonika – diktsamling
- 2006 – Innfor den myndige og den umyndige beretninga – diktsamling
- 2011 – Mot det ærlege lyset – diktsamling
Litterære prisar [endre]
- 1995 – Halldis Moren Vesaas-prisen for Eksakthet. Nærvær
- 2007 – Melsom-prisen for Innfor den myndige og den umyndige beretninga
- 2007 – Doblougprisen
Referansar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Eiliv Vinje. «Arvid_Torgeir_Lie». Norsk Biografisk Leksikon. Vitja 14. mars 2012.
- ↑ 2,0 2,1 Ottar Fyllingsnes (28. mai 1998). «Arvid Torgeir Lie: -- Ein av dei viktigaste». Dag og Tid. Vitja 15. mars 2012.
- ↑ Melsom-prisen tildelt lyrikeren Arvid Torgeir Lie. Vitja 15. mars 2012.
- ↑ Lie, Arvid Torgeir. Nettstaden til Gyldendal Norsk Forlag. Vitja 15. mars 2012.