Arwad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 34°51′22″N 35°51′32″E
Arwad
أرواد
øy
none  Festninga Arwad
Festninga Arwad
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Tartus
Distrikt Tartus
Nahiyah Arwad
koordinatar 34°51′22″N 35°51′32″E
Areal 0,2 km²
Folketal 4 403 [1]
Tidssone EET
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Arwad (arabisk أرواد; bibelskhebraisk אַ‏רְוָ‏ד, Arvad) – tidlegare kalla Arado (gresk Άραδο), Arados (gresk Άραδος), Arvad, Arpad, Arphad og Antiokia i Pieria (gresk Αντιόχεια της Πιερίας), eller Ruadøya – er den einaste busette øya i Syria og ligg i Middelhavet. Byen Arwad dekkjer heile øya. Han ligg 3 km frå Tartus (Tortosa i antikken) som er den nest største hamnebyen i Syria. I dag er byen hovudsakleg ein fiskeby. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå hadde Arwad 4 403 i 2004. Han er det administrative senteret i Arwad nahiyah («underdistrikt») der han er den einaste busetnaden.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fragment frå ein stele frå 300-talet fvt. funnen i Arwad. Musée du Louvre.

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Namnet Arvad er omtalt i Bibelen som stamfaren til arvadittar, eit kanaanittisk folk.

Øya vart busett tidleg på 1000-talet fvt. av fønikiarar. Under fønikisk kontroll vart ho eit sjølvstendig kongedøme kalla Arvad eller Jazirat (sistnemnde tyder «øy»). Det fønikisk namnet på byen var truleg Aynook.[3] På gresk vart han kalla Arados. Byen finst òg i antikke kjelder som Arpad og Arphad.[4] Byen vart kalla Antiokia i Pieria av Antiokiaus I Soter. Øya var ein viktig base for handel inn Orontesdalen. 50 km nord for Tripolis, var ho ei berr klippe med festningsverk og fleire etasjar høge hus. Øya var kring 800 meter lang og 500 meter brei, omgjeve av ein massiv mur og ei kunstig hamn i aust mot fastlandet. Øya vart tidleg utvikla til ein handelsby, og det same vart dei fleste fønikiske byane på denne kysten. Han hadde ein mektig marine og skipa er nemnde på monument i Egypt og Assyria. Han verkar å ha hatt eit slags hegemoni over dei nordlege fønikiske byane, frå munningen av Orontes ved nordgrensa til Libanon og sørover til kring Sidon. Han hadde sit eige lokale dynasti og myntar, og ein kjenner namnet på nokre av kongane. Innbyggjarane er nemnde i tidlege lister i Fyrste mosebok (10:18) og Esekielboka (27:8,11) der sjømenn og soldatar i teneste for Tyr. Dei fekk makta over somme av nabobyane på fastlandet, som Marathos, ovanfor øya, og Simyra , som ligg nokre kilometer mot sør.

Arwad i 1930
Satellittbilete av øya. NASA:

Thutmose III av Egypt tok øya i felttoget sitt nord i (1472 fvt.), og ho er omtalt i felttoga til Rameses II tidleg på 1200-talet fvt. Ho er òg nemnt i Amarnabreva i forbund med amorittane i åtaka deira på egyptiske område i Syria (44 og 28, B.M. Tell el-Amarnabreva). Kring år 1200 eller seinare vart ho plyndra av fiendar frå Vesleasia eller øyane kring, som dei fleste byane på kysten vart (Paton, Syria and Palestine, 145). Inskripsjonar frå dei assyrisk kongane indikerer at øya var maritimt viktig. Tiglath-pileser I (kring 1020) skryt av at han segla på skipa frå Arvad. Ashurnasirpal II (kring 876 fvt.) la øya under seg, men ho gjorde opprør og 200 menn frå Arvad vart nemnde blant dei allierte til Hadadezer frå Aram Damaskus under slaget ved Qarqar, då heile Syria ser ut til å ha vore samla mot Shalmaneser III (kring 854 fvt.). På denne tida var kongen av Arvad Mattan Baal. Ho vart etter dette underlagt Tiglath-pileser III og Sennacherib. Ashurbanipal (kring 664 fvt.) tvang kong Yakinlu til å underkaste seg og sende ei av døtrene til å verte eit medlem av det kongelege haremet (Rawlinson, Fønikia, 456-57).

Under persarane fekk Arvad løyve til å samlast i eit forbund med Sidon og Tyr, med eit felles råd i Tripolis (ibid, 484). Då Aleksander den store invaderte Syria i 332 fvt., vart Arvad underlagt utan kamp under kong Strato, som sendte marinen for å hjelpe Aleksander under åtaket på Tyr. Ho ser ut til å ha fått støtte hos selevkide-kongane av Syria, og vart eit asyl for politiske flyktningar. Ho er nemnd i eit påbod frå Roma kring 138 fvt., i samband med andre byar og herskarar i aust, for å vise velvilje for jødane. Dette var etter Roma hadde byrja å blande seg inn i sakene til Judea og Syria, og indikerer at Arvad framleeis var ein viktig stad på denne tida.

Krosstoga[endre | endre wikiteksten]

På siste halvdelen av 1200-talet, under krosstoga, vart øya Ruad nytta som eit bruhovud for krossfararane. Det var det siste stykke land som krossfarane klarte å halde på i Det heilage landet då dei kjempa ein tapande kamp mot muslimane.

Krossfararar hadde mista kontroll over fastlandet i 1291 (så fallet til Akko), og det nedovergåande kongedømet Jerusalem hadde blitt flytta til øya Kypros. Seint i 1300, i eit forsøk på å koordinere militæroperasjonar med den mongolske leiaren Ghazan,[5] førebudde kypriotane ein landbasert styrke på kring 600 menn: 300 under Amalric av Lusignan, sonen til Hugo III av Kypros, og ein liknande styrke frå tempelriddarane og hospitalriddearane.[5] Mennene og hestane deira vart frakta frå Kypros til Ruad,[5][6] og frå der raida dei Tortosa medan dei venta på forsterkingar frå mongolane.[6][7] Då mongolane ikkje nådde fram, vart dei fleste kristne styrkane tvungne attende til Kypros, men dei let ein garnison vere att på Ruad, bemanna av roterande grupper av forskjellige kypriotiske styrkar. Pave Klement V fekk formelt øya av tempelriddarane, som i 1302 hadde ein garnison med 120 riddarar, 500 bogeskyttarar og 400 syriske hjelparar, under tempelriddaren Maréchal (øvstkommanderande) Barthélemy de Quincy.

I februar 1301 nådde mongolane fram med ein styrke på 60 000, men kunne ikkje gjere så mykje anna enn plyndringstokt kring i Syria. Den mongolske leiaren Kutluka stasjonerte 20 000 ryttarar i Jordandalen for å verne Damaskus, der ein mongolsk guvernør vart sett inn.[8] Kort tid etter måtte dei likevel trekkje seg attende.

Dei egyptiske mamelukkane, som hadde systematisk teke kontroll over Palestina og Syria, prøvde å ta Ruad i tillegg. Ein mamelukk-flåte sette ein styrke i land på øya og kjempa eit slag mot tempelriddarane, før dei la ei lang omleiring kring øya, som kulminerte med fallet til Ruad og krossfararane som måtte overgje seg den 26. september 1302, etter lovnader om fritt leide bort frå øya.[9] Lovnaden vart ikkje opprettheldt: Alle bogeskyttarane og dei syriske hjelparane vart drepne, og tempelriddarane vart sendte til fengesel i Kairo.[10]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Arwad» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2014.
  • Malcolm Barber, Trial of the Templars
  • Martin Bernal, Black Athena Writes Back (Durham: Duke University Press, 2001), 359.
  • Lawrence I Conrad, ‘The Conquest of Arwād: A Source-critical study in the historiography of the early medieval Det nære austen’, in The Byzantian and early Islamic Near East: Papers of the First Workshop on Late Antiquity and Early Islam, edited by Averil Cameron and Lawrence I Conrad, Studies in late antiquity and early Islam, 1, vol. 1, Problems in the literary source material (Princeton: Darwin Press, 1992), 317-401.
  • Alain Demurger, The Last Templar
  • Hazlitt, The Classical Gazetteer, p. 53.
  • Newman, Sharan (2006). Real History Behind the Templars. Berkley Publishing Group. ISBN 978-0-425-21533-3.
  • Jean Richard, Les Croisades
  • Sylvia Schein, «Gesta Dei per Mongolos"
  • Dave Eggers, Zeitoun
  1. 1,0 1,1 General Census of Population and Housing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. Balanche, Fabrice (på fransk). La région alaouite et le pouvoir syrien. Karthala Editions. ISBN 2845868189. 
  3. Krahmalkov, Phoenician Punic Dictionary, s. 47.
  4. Hazlitt, s. 53
  5. 5,0 5,1 5,2 Schein, s. 811
  6. 6,0 6,1 Demurger, s. 147
  7. The Trial of the Templars, Malcolm Barber, 2nd edition, page 22.
  8. Jean Richard, p.481
  9. Demurger, s.156
  10. The Trial of the Templars, Malcolm Barber, s.22

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arwad