Asahikawa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Asahikawa
Horisonten til Asahikawa
Flagget til Asahikawa
Flagget til Asahikawa
Styresmakter
Land
Prefektur
Japan
Hokkaido
Geografi
Diverse anna
Nettstad: www.pref.hokkaido.lg.jp
Plassering
Asahikawa på Nord-Hokkaido.
Asahikawa på Nord-Hokkaido.

Asahikawa (旭川市 Asahikawa-shi) er ein by i Kamikawa subprefektur på Hokkaido i Japan. Han er den nest største byen på Hokkaido, etter Sapporo, og den største på Nord-Hokkaido. Han har status som hovudbyen i subprefekturet og som japansk «kjerneby» (chūkakushi). Asahikawa har ei flatevidd 747,6 km². I 2008 hadde han eit folketal rekna til 356 000 og ein folketettleik på 476 menneske per km². Byen er mellom anna kjent for Asahiyama dyrehage, den nordlegaste dyrehagen i Japan, brua Asahi-bashi, og ein lokal type nudlar, Asahikawa-ramen.

Asahikawa blei grunnlagd i 1922 og folkesett av etniske japanarar. Ordet «asahi» tyder 'solstrålar' på japansk og «kawa» tyder 'elv'. Namnet byggjer på ei feilomsetjing av ainu-elvenamnet Chiu Pet ('bølgjeelv) som blei oppfatta som Chu Pe ('solelv').

Asahikawa ligg midt i Kamikawa-dalen med fjellkjeda Taisetsuzan rundtom. Det renn over hundre elvar og bekkar gjennom byen, og over 740 bruer kryssar dei. Den sentrale brua Asahi-bashi over Ishikarielva blei fullført i 1932 og er blitt eit av symbola på byen. Byen ligg i eit rikt jordbruksdistrikt. Han er òg ein viktig industriby med bryggjeri og produksjon av tremasse, papir, kjemikalie og bomullsstoff.

Asahikawa lufthamn er ein regional flyplass som hovudsakleg har innanriksruter. Fleire av dei er berre i drift visse delar av året.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Asahikawa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]