Asbjørn Dybwad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asbjørn Dybwad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. februar 1924
Død

31. mai 1973 (49 år)

Yrke skribent

Asbjørn Dybwad (fødd 1924 i Tromsø, død 1973) var ein norsk forsikringsagent, forfattar, målar og radiokåsør. Han arbeidde ei tid som forsikringsagent, og det gav han eit innblikk i nord-norske forteljingar som han hugsa og bygde vidare på i bøkene og kåseria sine. Dybwad har av Arthur Arntzen vore karakterisert som «storlygar» i positiv forstand. På 1960-talet var han fast i radioprogrammet «Søndagsposten». Han var med på etableringa av Nordnorsk Forfatterlag.

Han blei heidra av Humorfestivalen i Tromsø i 2007, der han blei profilert ved at dei forskjellige aktørane på festivalen skulle tolke humoren hans som eit av innslaga sine.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]