Asbjørn Kloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Asbjørn Olsson Kloster (21. desember 182318. januar 1867) var ein norsk kvekarpredikant, -lærar, fråhaldsagitator og skipar av Det Norske Totalavholdsselskap.

Han vart fødd på garden Boknaberg i Bokn kommune, og i åtteårsalderen flytta han med familien til Rennesøy. Etter konfirmasjonen flytta han til Stavanger, der han arbeidde som handelsbetjent, fyrst hjå faren og seinare andre stader. I 1845 kom han i kontakt med kvekarar og fekk ei andeleg oppvakning som han sjølv tidfesta til 15. juni 1845. I 1846 vart han rekruttert til eitt års studie i England av tre kvekarar som på vitjing i byen. Studia var fyrst på ein landbruksskule og seinare på kvekarskule nær Carlisle.

Dei komande tretten år, leidde Kloster kvekarskulen i Stavanger. Etterkvart var det mange som søkte seg inn på skulen, og Kloster utarbeidde sjølv delar av undervisningstilfanget.

Kloster tok initiativ til skipinga av "Den første norske avholdsforening" som fann stad 29. desember 1859 i Stavanger. I 1860 byrja Kloster å gje ut fråhaldsbladet som seinare fekk namnet "Menneskevennen".

Det Kloster dreiv med representerer fleire trekk ved 1800-talet i Noreg, og den korte formelle utdaninga hans var karakteristisk for hans generasjon, men var samstundes ikkje noko hinder for rolla han spelte i framveksten av motkulturrørsla i Noreg.

Ein statue utført av Valentin Kielland vart reist over Kloster i Stavanger i 1912 på initiativ frå Idar Handagard. Kloster har biletet sitt på eit norsk frimerke frå 1959 (NK 474) og har ei gate på Storhaug kalla opp etter seg.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fuglum, Per, Asbjørn Kloster, pedagog, forkynner og avholdspioner. Lunde, 2004
  • Fuglum, Per, «Asbjørn Kloster». I: Norsk biografisk leksikon. 2002
  • Nag, Martin, Asbjørn Kloster - folkebevegelser og alkohol Rusmiddeldirektoratet, 1989
  • Nag, Martin, Nytt lys over Asbjørn Kloster og hans nærmiljø i Stavanger, Ryfylke og Christiania. Kvekerforlaget, 1986
  • Slapgard, Bjarne. Asbjørn Kloster og kongstanken hans. Rune forlag, 1959. hefte
  • Lindanger, Birger. «Bokn - gard og ætt». 2001. Bind 1, s.358.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]