Aschaffenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aschaffenburg
Schloss Johannisburg i Aschaffenburg
Schloss Johannisburg i Aschaffenburg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Aschaffenburg
Aschaffenburg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Unterfranken
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

62,57 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

69 863
  1 117/km²
Koordinatar 49°58′0″N 9°09′0″EKoordinatar: 49°58′0″N 9°09′0″E
Høgd over havet 138 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 63701–63743
Telefon-retningsnummer 06021,06028
Bilnummer AB
Heimeside: www.aschaffenburg.de

Aschaffenburg er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 70 000 innbyggjarar. Byen ligg ved den høgre breidda til Main og ved foten av Spessart. Byen Aschaffenburg er ikkje ein del av landkreisen Aschaffenburg, men er det administrative setet. Han vert òg kalla Tor zum Spessart eller «døra til Spessart». Sjølv om byen i dag ligg i Bayern, reknar dei seg sjølv som ein by av Franken, trass i at byen aldri var ein del av det historiske Franken, men høyrte til erkebispedømet Mainz.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlegaste spora etter menneske i området rundt Aschaffenburg går tilbake til steinalderen. Aschaffenburg, som i mellomalderen vart kalla Ascapha eller Ascaphaburg, var opphavleg ein busetnad for alemannarar. Romerske legionar hadde òg ein leir her, og på ruinane av deira castra bygde den frankiske Major Domus ei borg. St. Boniface reiste eit kapell for St. Martin og grunnla eit benediktinar kloster. Ei steinbru over Main vart bygd av erkebiskop Willigis i 989. Adalbert gav byen fleire privilegium rundt 1122. I 1292 vart det halde eit kyrkjemøte her, og i 1474, før den som vart halde i Wien, ein Reichstag der konkordatet vart avgjort, stundom kalla Aschaffenburgkonkordatet.

Byen vart hardt råka av trettiårskrigen og vart halde av fleire krigførande makter. I 1842-1849 bygde kong Ludvig I av Bayern ein landstad vest for byen kalla Pompejanum, sidan det var ei etterlikning av huset til Castor og Pollux i Pompeii. I 1866 vann Preussen eit stor siger mot Austerrike i nærleiken av byen under den austerriksk-prøyssiske krigen.

Under den andre verdskrigen vart Aschaffenburg kraftig bombardert av allierte bombefly, inkludert Schloss Johannisburg.

Landkreisein Aschaffenburg hadde eit areal på 1 694 km². Han var ein del av kurfyrstedømet til erkebiskopen Mainz, og i 1803 vart han gjeve over til kanslaren, erkebiskopen Karl von Dalberg. I 1806 vart han annektert av storhertugdømet Frankfurt og i 1814 overført til Bayern.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aschaffenburg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]