Aschehoug og Gyldendals store norske ordbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aschehoug og Gyldendals store norske ordbok eller Norsk ordbok; med 1000 illustrasjoner; riksmål og moderat bokmål er ei ordbok over riksmål og moderat bokmål. Ordboka vert redigert av Tor Guttu og utgjeven av Kunnskapsforlaget.

Fyrsteutgåva vart utgjeven i 1991 under tittelen Aschehoug og Gyldendals store norske ordbok med undertittelen moderat bokmål og riksmål, i same format som Store Norske Leksikon. I 1993 vart den utgjeven under tittelen Norsk illustrert ordbok. I 1998 fekk den tittelen Norsk ordbok, med riksmål og moderat bokmål og med 1000 illustrasjoner som undertitler. I 2005 vart ordboka gjeve ut i nye utgåver både under tittelen Norsk ordbok og Aschehoug og Gyldendals store norske ordbok. 2005-utgåva av Norsk ordbok er på 1350 sider og har meir enn 81 000 oppslagsord.

Ordboka er ei vidareføring av Riksmålsordboken frå 1977, ei bok av dictionary-typen som var den fyrste i sitt slag i Noreg, og vart gjeve ut av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur og Kunnskapsforlaget med Tor Guttu, Kåre Skadberg og Inge Wettergreen-Jensen som redaktørar.

Norsk ordbok er tilgjengeleg på Kunnskapsforlagets nettstad Ordnett.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Riksmålsordboken, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur og Kunnskapsforlaget, 1977, redaktørar Tor Guttu, Kåre Skadberg, Inge Wettergreen-Jensen, 814 s., utgjeven i fleire opplag
  • Aschehoug og Gyldendals store norske ordbok; moderat bokmål og riksmål, Kunnskapsforlaget, 1991, redaktør Tor Guttu, 692 s.
  • Norsk illustrert ordbok; moderat bokmål og riksmål, Kunnskapsforlaget, 1993, redaktør Tor Guttu, 1009 s.
  • Norsk ordbok; riksmål og moderat bokmål; med 1000 illustrasjoner, Kunnskapsforlaget, 1998, redaktør Tor Guttu, 1009 s.
  • Aschehoug og Gyldendals store norske ordbok; riksmål og moderat bokmål (omslagstittel Store norske ordbok), Kunnskapsforlaget, 2005, redaktør Tor Guttu, 872 s.
  • Norsk ordbok; med 1000 illustrasjoner; riksmål og moderat bokmål, Kunnskapsforlaget, 2005, redaktør Tor Guttu, 1350 s.

Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]