Aserbajdsjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Azərbaycan Respublikası

(norsk: Aserbajdsjan, aserbajdsjansk)

Det aserbajdsjanske flagget Det aserbajdsjanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Azərbaycan marşı»
Geografisk plassering av Aserbajdsjan
Offisielle språk Aserbajdsjansk (Nordaserbajdsjansk)
Hovudstad Baku
Styresett
Republikk
İlham Əliyev
Artur Rasizadə
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
86 600 km² (112.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
9 493 600 (91.)
109,6 /km² (81.)
Sjølvstende
frå Sovjetunionen
30. august 1991
Nasjonaldag 28. mai
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
94 318 mill. USD (72.)
11 000 USD (79.)
Valuta Manat
Tidssone UTC +4
Telefonkode +994
Toppnivådomene .az


Aserbajdsjan, offisielt Republikken Aserbajdsjan (aserbajdsjansk Azərbaycan Respublikası) er ein republikk i den søraustlege delen av Kaukasia, og det største landet i denne regionen. Mesteparten av landet ligg i Asia, men ein liten del ligg på europeisk side nord for Kaukasus. Aserbajdsjan grensar til Armenia, Georgia, Iran, Russland, Tyrkia og Kaspihavet. Eksklaven Nakhitsjevan grenser til Armenia i nord og aust, Iran i sør og vest og har ei kort grense mot Tyrkia i nordvest.

Aserbajdsjan har ei eldgammal og historisk kulturarv. Landet var av fødestadane til mennesket og ligg i hjartet av dei gamle sivilisasjonane.[1] Landet er kjend for å vere av dei mest progressive og sekulære islamske samfunna. I tillegg til å vere det første muslimske landet til å byggje operaer, setje opp teaterstykke og vere ein demokratisk republikk, er Aserbajdsjan i dag av dei muslimske landa der støtta for sekularisme og toleranse er høgast.[2] Den demokratiske republikken Aserbajdsjan var den første demokratiske og sekulære republikken i den muslimske verda,[3][4][5] vart oppretta i 1918, men vart innlemma i Sovjetunionen i 1920.[6][7] Aserbajdsjan vart anerkjend som sjølvstendig nasjon i 1991. Kort tid etter, under Nagorno-Karabakh-krigen, okkuperte nabolandet Armenia Nagorno-Karabakh, og omliggande område og enklavane Karki, Yukhary Askipara, Barkhudarly og Sofulu. Republikken Nagorno-Karabakh, som oppstod i Nagorno-Karabakh, er framleis ikkje diplomatisk anerkjend av andre land og regionen er framleis de jure rekna som ein del av Aserbajdsjan, trass i at det de facto har vore sjølvstendig sidan slutten av krigen.[8][9][10][11]

Aserbajdsjan er ein sekulær og unitær republikk. Han er ein av dei seks sjølvstendige tyrkiske statane, og eit aktivt medlem av Det tyrkiske rådet og TÜRKSOY-samfunnet. Aserbajdsjan har diplomatiske forhold med 158 land og er medlem i minst 38 internasjonale organisasjonar.[12] Han er ein av dei grunnleggande medlemmane av GUAM, organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen og Samveldet av uavhengige statar (SUS).[13] Den 9. mai 2006 vart Aserbajdsjan valt som medlem i det nyoppretta Menneskerettsrådet av SNs generalforsamling.[14] Ei spesialutsending frå Europakommisjonen held til i landet, som òg er medlem av Dei sameinte nasjonane, OSCE, Europarådet, og NATO sitt Partnership for Peace (PfP)-program. Aserbajdsjan er korrespondent i International Telecommunication Union og medlem av Organisasjonen av alliansefrie nasjonar og har observasjonsstatus i Verdshandelsorganisasjonen.[12][15]

Den aserbajdsjanske grunnlova omtalar ikkje ein offisiell religion, men flesteparten av innbyggjarane er sjiamuslimar, sjølv om den muslimske identiteten er meir basert på kultur og etnisitet enn religion, og Aserbajdsjan er eit av die mest liberale av dei større muslimske nasjonane.[16][17] Etter å ha fått sjølvstende har Aserbajdsjan nådd eit høgt nivå av menneskeleg utvikling, økonomisk utvikling, levestandard og lesekunne samt låg arbeidsløyse og sjølvmordsrate samanlikna med andre austeuropeiske og SUS-land.[18][19][20][21][22][23] Frå 1. januar 2012 vart landet for to år ikkje-permanent medlem av SNs tryggleiksrådet.[24]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Aserbajdsjansk geografi.

Aserbajdsjan ligg i sørvestlege område av Asia med Kaspihavet i aust, Iran i sør, Russland og Georgia i nord, og Armenia i vest. Tre geografiske trekk dominerer Aserbajdsjan: Kaspihavet, der kystlinja dannar den naturlege grensa mot aust, Store Kaukausus i nord, og eit utstrekt lågland i sentrale område.

Aserbajdsjan har eit totalt landareal på om lag 86 000 kvadratkilometer, mindre enn 1 % av arealet til tidlegare Sovjetunionen, som landet var ein del av. Av dei tre transkaukasiske statane har Aserbajdsjan det største landarealet. Aserbajdsjan har to autonome republikkar, Nakhitsjevan som ligg sørvest for Armenia og Nagorno-Karabakh, som ligg innanfor Aserbajdsjan. Ein liten del av Nakitsjevan har òg grense til Tyrkia i nordvest. Hovudstaden i Aserbajdsjan er den eldgamle byen Baku, som har den største og beste hamna i Kaspihavet, og som lenge har vore senteret for republikken sin oljeindustri.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i landet er nesten tropisk om sommaren i låglandet, medan vintrane er milde. Ein kan derimot få periodar med kulde frå nord. Fjellområda mot vest er derimot kalde og snørike. Nedbøren varierer frå under 200 mm ved munningen til Kura, til mellom 1200 og 1400 mm i låglandet kring Lenkoran.

Absjeronhalvøya, der hovudstaden Baku ligg, har ofte kraftig vind, og området her har kring 40-50 kulingdagar i året, hyppigast om vinteren. Dei høge Kauakasusfjella gjer at luftstraumen frå nord vert drenert søraustover mot halvøya, der fjellrekkja endar, og ein får ein hjørneeffekt her som forsterkar vinden. Vind opp mot 40 m/s (orkan) er ikkje uvanleg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå aserbajdsjansk historie.

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Helleristingar i Gobustan er daterte til 10,000 fvt. og indikerer ein blømande kultur. Det er ein verdsarvstad og vert rekna for å ha «eineståande universell verdi».

Dei tidlegare spora etter menneskelege busetnader i området til Aserbajdsjan er frå tidleg steinalder og er knytt til Guruchay-kulturen i Azykh-grotta.[25] Kulturane frå yngre steinalder og bronsealderen finn ein spor etter i grotter i Tağılar, Damcılı, Zar, Yataq-yeri og i gravplassane i Leylatepe og Saraytepe.

Tidlege busetnader omfatta skytarane på 800-talet fvt.[26] Etter skytarane dominerte iranske mederar området sør for elva Aras.[27] Mederane danna ei vidt rike mellom 900–700 fvt., som vart ein del av Akamenide-riket kring 550 fvt. Området vart erobra av akamenidane og førte til zoroastrismen spreidde seg.[28] Seinare vart området erobra av Aleksander den store og det etterfølgjande riket til sevklidane. Dei opphavlege innbyggjarane i området var kaukasiske albanarar, som oppretta eit sjølvstendig kongedøme kalla Albania (som ikkje må forvekslast med landet på Balkan) kring 300-talet fvt. I denne perioden spreidde zoroastrismen seg i Kaukasus og Atropatene.

Føydaltida[endre | endre wikiteksten]

Jomfrutårnet i Gamle Baku er ein verdsarvstad bygd på 1000-talet.

Sassanidane gjorde Albania til ein vasallstat i 252 evt, medan kong Urnayr offisielt gjorde kristendomen til statsreligion på 300-talet. Trass i fleire erobringar av sassanidane og austromarane, vart Albania verande ein stat i regionen fram til 800-tlaet. Det islamske Umayyad-kalifatet dreiv attende både sassanidane og austromarane frå regionen og gjorde Albania til ein vasallstat etter at den kristne motstanden leia av prins Javanshir, vart slått ned i 667. Maktvakuumet som var att etter at Abbasid-kalifatet vart svekka, vart fylt av fleire lokale dynasti, som dei til sallaridane, sajidane, shaddadidane, rawadidane og buyidane. På byrjinga av 1000-talet vart området gradvis erobra av tyrkiske Oghuz-folk frå Sentral-Asia. Det første av desse tyrkiske dynastia vart oppretta av ghaznavidane, som kom til området i 1030.

Dei før-tyrkiske aserbajdsjanarane talte eit iransk språk kalla gamnmalazari, som gradvis vart erstatta av eit tyrkisk språk, i dag kjend som aserbajdsjansk, frå 1000-talet og frametter til det gamle språket døydde heilt ut på 1500-talet.[29] Lokalt vart områda til dei etterfølgjande seldsjukkane styrt av atabegar, som teknisk sett var vasallar under dei seldsjukkiske sultanane, men som i røynda styrte seg sjølv. Under seldsjukkane var lokale diktarar som Nizami Ganjavi og Khagani Shirvani med på den blømande persiske litteraturen i det som i dag er Aserbajdsjan. Dei neste herskarane var jalayiridane, men vart etter kort tid erobra av Timur Lenk.

Det lokale dynastiet til shirvanshahane vart ein vasallstat under riket til Timur og støtta han i krigen hans mot Den gyldne horden styrt av Tokhtamysh. Etter at Timur døydde oppstod to sjølvstendige og rivaliserande statar: Kara Koyunlu og Ak Koyunlu. Shirvanshahane vendte attende og var i stor grad sjølvstendige som lokale herskarar og vasallar frå 861 til 1539. Dei vart etterfølgd av safavidane som tvinga sunnimuslimane i området til å omvende til sjiamuslimar,[30][31][32] sidan dei kjempa mot det sunnimuslimske Osmanske riket.[33]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Områda til dei nordlege og sørlege khanata (og sultanata) til Aserbajdsjan i Iran på 1700- og 1800-talet[34]

Etter safavidane vart området styrt av dei iranske dynastia til Afshar og Zand og ei kort stund av qajarane. Meir eller mindre sjølvstendige khanat[35][36][37][38][39] oppstod i området, særleg etter at Zand-dynastiet kollapsa og tidleg i Qajar-tida. Det korte og suksessrike russiske felttoget i 1812 vart avslutta med freden i Gulistan, der sjahen sine krav på somme av khanata i Kaukasus vart avslått av Russland sidan dei hadde vore meir eller mindre sjølvstendige lenge før den russiske okkupasjonen.[40]

Khanata utøvde kontroll over forretningane sine via internasjonale handelsruter mellom Sentral-Asia og Vesten.[41] Desse khanata var i konstant krig med kvarandre og vart til slutt innlemma i Det russiske imperiet i 1813, etter to russisk-persiske krigar. Området nord for elva Arax, i dagens Aserbajdsjan, var iranske område fram til dei vart okkuperte av Russland.[6][42][43][44][45][46] Med freden i Turkmenchay i Persia tok Russland over khanatet Erivan, khanatet Nakhitsjivan og resten av khanatet Lankaran.

I 2007, under bygginga av eit stadion, vart det oppdaga ei massegrav i Guba. Etterforsking synte at dette var lokale innbyggjarar av forskjellige nasjonalitetar, inkluder jødar og lezginar som vart drepne i ein massakre i 1918, utført av armenarar.[47] Så langt har ein funne leivningane etter 600 menneske, inkludert 50 barn og 100 kvinner.[48]

Kart over Aserbajdsjan frå Fredskonferansen i Paris 1919.

Etter at Det russiske imperiet kollapsa under første verdskrigen vart Aserbajdsjan i lag med Armenia og Georgia ein del av den kortvarige Transkaukasiske demokratiske sambandsrepublikken. Då republikken vart oppløyst i mai 1918, erklærte Aserbajdsjan sjølvstende som Den demokratiske republikken Aserbajdsjan (ADR). ADR var den førte moderne republikken i den muslimske verda.[4][6][49] Kvinner fekk stemmerett og Aserbajdsjan vart det først muslimske landet som gav kvinner same politiske rettar som menn.[4] Faktisk var Aserbajdsjan tidlegare ute enn Storbritannia og USA med dette. I tillegg vart Baku statsuniversitet oppretta, som var det første moderne universitetet oppretta i det muslimske austen.[4]

I mars 1920 var det opplagt av Sovjet-Russland kom til å gå til åtak mot Baku. Vladimir Lenin sa at invasjonen var berettiga sidan Sovjet-Russland ikkje kunne overleve utan olja frå Baku.[50][51] Sjølvstendet til Aserbajdsjan varte berre 23 månader før den raude armeen invaderte landet og oppretta Den aserbajdsjanske sovjetiske sosialistrepublikken den 28. april 1920. Mesteparten av det nyoppretta aserbajdsjanske forsvaret var oppteken av å slå ned eit opprør av armenarar i Karabakh, men aserbajsjanarane overgav seg ikkje lett. Så mange som 20 000 aserbajdsjanske soldatar døydde i motstanden mot den russiske gjenerobringa[52]

13. oktober 1921 signerte sovjetrepublikkane Russland, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia ein avtale med Tyrkia kalla Kars-traktaten. Det tidlegare sjølvstendige Nakhitsjevan SSR vart ein sjølvstendig ASSR som ein del av Aserbajdsjan SSR med Kars-traktaten. Armenia fekk derimot regionen Zangezur og Tyrkia gav attende Gyumri (då kjend som Aleksandropol).

Under andre verdskrigen spelte Aserbajdsjan ei nøkkelrolle i den strategiske energipolitikken i Sovjetunionen og det meste av olja som vart levert til austfronten kom frå Baku. I februar 1942 fekk meir enn 500 arbeidarar og tilsette i oljeindustrien i Aserbajdsjan utdelt ordenen og medaljar. Operasjon Edelweiss som vart utført av tyske Wehrmacht hadde Baku og dei store petroleumsressursane der som mål.[6] Ein femtedel av alle aserbajdsjanarar kjempa i den andre verdskrigen frå 1941 til 1945. Om lag 681 000 innbyggjarar, over 100 000 av dei kvinner, kjempa ved fronten. Aserbajdsjan hadde på denne tida 3,4 millionar innbyggjarar.[53] Om lag 250 000 aserbajdsjanarar mista livet i fronten. Meir enn 130 aserbajdsjanarar vart heltar av Sovjetunionen. Den aserbajdsjanske generalmajoren Azi Aslanov vart to gonger kåra til helt av Sovjetunionen.[54]

Republikktida[endre | endre wikiteksten]

Etter glasnost, som vart starta av Mikhail Gorbatsjov, auka sivil uro og etniske stridar i forskjellige området av Sovjetunionen, mellom anna Nagorno-Karabakh,[55] ein region i Aserbajdsjan SSR. Uroa i Aserbajdsjan som oppstod då Moskva ikkje gjorde noko i denne alt opphissa konflikten, førte til rop om sjølvstende og lausriving, noko som enda med Svart januar i Baku.[56] Seint i 1990 fjerna Øvste sovjet i Aserbajsjan SSR orda «sovjetisk sosialistisk» frå namnet sitt og tok flagget til Den demokratiske republikken Aserbajdsjan som sitt eige statsflagg.[57] Den 18. oktober 1991 godtok øvsterådet i Aserbajdsjan sjølvstendeerklæringa som vart stadfesta av ei landsdekkane folkeavstemming i desember 1991, då Sovjetunionen vart offisielt oppløyst.[57]

Dei første åra med sjølvstendet vart dominert av Nagorno-Karabakh-krigen med nabolandet Armenia. Mot slutten av krigen i 1994, kontrollerte armenarane 16 % av landområda til Aserbajdsjan, inkludert sjølve Nagorno-Karabakh.[58][59] Det er estimert at 30 000 menneske vart drepen og meir enn ein million menneske vart forflytta.[60] SN har gjeve ut fire resolusjonar med krav om at dei armenske styrkane må ut av dei okkuperte aserbajdsjanske områda.[61] Mange russar og armenarar forlet Aserbajdsjan i 1990-åra.[62] I følgje ei folketeljing i 1970 var det 510 000 etniske russarar og 484 000 armenarar i Aserbajdsjan.[63]

I 1993 vart den demokratisk valte presidenten Abulfaz Elchibey kasta av eit militæropprør leia av oberst Surat Huseynov, noko som førte til at den tidlegare leiaren av Sovjet Aserbajdsjan, Heydar Aliyev, kom til makta.[64] I 1994 prøvde Surat Huseynov, som då var statsminister, eit nytt militærkupp mot Heydar Aliyev, men Huseynov vart arrestert og skulda for svik.[65] I 1995 var det eit nytt kuppforsøk mot Aliyev, av kommandanten av spesialeininga OMON, Rovshan Javadov. Dette førte til at Javadov vart drepen og OMON-einingane i Aserbajdsjan vart nedlagde.[66][67] Som president klarte Aliyev å redusere arbeidsløysa i landet, tøyle kriminelle grupper og opprette dei grunnleggande institusjonar eit sjølvstendig land treng. Han fekk landet inn i stabilitet og fred og utlendingar starta å gjere store investeringar. Samstundes vart landet prega av stor korrupsjon i byråkratiet.[68] I oktober 1998 vart Aliyev gjenvald for ein ny periode. Trass i betra økonomi, særleg på grunn av petroleumsutvinninga til havs, vart Aliyev kritisert på grunn av mistanke om svindel og korrupsjon.[69]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Administrativt er Aserbajdsjan inndelt i den autonome republikken Nakhitsjevan, som er ein eksklave sørvest for Armenia, det autonome området Nagorno-Karabakh, der den armenske masjoritetsfolkesetnaden prøver å opprette ein sjølvstendig stat, 11 sjølvstendige byar og 65 distrikt.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Vegetasjonen i Aserbajdsjan er overvegande sparsam, med steppe og halvørken i store område. Fjella og låglandet kring Lenkoran er derimot skogkledde.

Pattedyrfaunaen omfattar mellom anna villsvin, hjort, steinbukk, gullsjakal og raudrev. Mange ande- og vadefuglar overvintrar ved Kaspihavet, medan trekkfuglar rastar her under trekket om våren og hausten. Kaspiske hav, andre raster her under trekket vår og høst.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folketalet er i 2012 estimert til 9,4 millionar innbyggjarar med ein årleg folketilvekst på 0,72 % og venta levealder ved fødsel er 71 år for kvinner og 62,2 år for menn.

Utviklinga etter folketeljinga i 1959 viser at mengda aserbajdsjanarar har auka, samstundes som mengda russarar og armenarar (Nagorno-Karabakh) har minka. Denne utviklinga har akselerert. I 2008 var kring 90 % av folkesetnaden aserbajdsjanarar (eller aseri), 2,5 % russarar og 2 % armenarar.

Folketettleiken er størst i Kurasenkninga, særleg i og kring hovudstaden Baku. Andre større byar er Gandsja og Sumqayit.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Landet vart islamisert tidleg på 600-talet under dei første arabiske erobringane. Aserbajdsjan kom under russisk kontroll på 1800-talet og var unionsrepublikk i Sovjetunionen i åra 1936–91. Av innbyggjarane i landet er 93,4 % sjiamuslimar (ithna ashariyya), men mindre sunnimuslimske grupper lever i nord. 1,1 % av innbyggjarane er russisk ortodokse kristne, og 1,1 % tilhøyrer den armenske kyrkja (Nagorno-Karabakh). Andre grupper, inkludert ikkje-religiøse, utgjer 4,4 %.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalspråket er aserbajdsjansk (aseri, azeri), som vert talt som morsmål av kring 89 % av folkesetnaden (1995). Elles snakkar ein russisk, lesgisk, armensk (Nagorno-Karabakh) og andre kaukasiske språk.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Under sovjettida var Aserbajdsjan mindre industrialisert enn Armenia og Georgia og produserte mest råvarer for eksport til andre sovjetrepublikkar. Dei første åra etter sjølvstendet bar preg av mange problem, i første rekke kostnadene av Nagorno-Karabakh-krigen. Levestandarden fall og BNP vart halvert under første halvdel av 1990-åra. Den økonomiske utviklinga skaut fart i siste halvdel av 1990–åra, då utanlandske selskap kom til for å delta i utnyttinga av olje og naturgass.

I 2008 var den økonomiske veksten over 23 %. Ei av dei største utfordringane i økonomien er høg grad av korrupsjon. Olja har skapt ei lita gruppe nyrike menneske. Trass i oljeinntektene lever ein stor del av folkesetnaden under fattigdomsgrensa. I kjølvatnet av oljeindustrien har byggesektoren òg opplevd ein stor boom, særskild i Baku. Landbruksprodukta held god kvalitet, men foredling og marknadsføring er lite utviklinga.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Petroleumsindustrien i landet har vore i sterk utvikling sidan sjølvstendet i 1991. Industrien (inkludert bergverk og kraftproduksjon) stod i 2008 for 63,3 % av BNP og sysselsette 7 % av yrkesfolkesetnaden. I Baku finst raffineri, etylenfabrikkar og store kjemiske anlegg som alle har tilknytning til petroleumsverksemda. I Sumgait vert det produsert stålrøyr, aluminium og diverse kjemikaliar. Elles er det ein del tekstil- og nærings- og nytingsmiddelindustri.

Bergverk og petroleum[endre | endre wikiteksten]

Aserbajdsjan har særs verdifulle mineralførekomstar. Det vert i hovudsak produsert olje og naturgass, men òg jernmalm, aluminium, kopar, bly, sink, salt og svovel. Kring 1900 kom kring halvparten av oljeproduksjonen i verda frå Aserbajdsjan, men produksjonen gjekk seinare sterkt tilbake, særleg på grunn av forelda produksjonsteknologi. Styresmaktene oppfordra frå 1997 til utanlandske investeringar i petroleumssektoren. Dette har ført til ein sterk auke i oljeutvinningstempoet. Omkring 80 % av olje- og naturgassførekomstane ligg langs vestbreidda av Kaspihavet, nord og sør for hovudstaden.

Energi[endre | endre wikiteksten]

I 2003 vart 72 % den elektriske energien i landet generert frå petroleumsprodukt, og 19,8 % frå naturgass. Resten er houvdsakleg vasskraft.

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Jordbruket medverka med 6 % av bruttonasjonalproduktet i 2008 og sysselsette 41 % av yrkesfolkesetnaden. Næringa vart etter 1991 omstrukturert frå kollektiv drift til privatdrivne gardsbruk. I løpet av 2001 var alle dei statsdrivne bruka overført til private brukarar.

Omtrent halvparten av arealet til landet er dyrkbart, men lite nedbør og stor fordamping i innlandsstrøka hemmar jordbruksnæringa. Kring 70 % av jordbruksarealet blir kunstig vatna. Fjellområda og det frodige Lenkoran-området ved Kaspihavet får tilstrekkeleg nedbør. Hovudavlinga er kveite, men i seinare år har det vore sterk auke i bomullsdyrkinga. Dessuten vert det dyrka sitrusfrukt, mais, grønsaker, tobakk, te, ris og silke. Husdyrhaldet er stort, særleg i fjellstrøka og det vert halde mest sau og geit.

Utanrikshandel[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste eksportvarene i Aserbajdsjan er petroleumsprodukt (90 % av total eksport), og elles tekstilar, maskinar og næringsmiddel. Det vert importert mellom anna råvarer til industrien, maskinar og matvarer. Dei viktigaste handelspartnarane er Russland, Italia, Tyrkia, Frankrike, Tyskland og USA.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Det er til saman kring 60 000 km veg i Aserbajdsjan (2008). Det er jernbanesamband til Russland, Georgia, Ukraina og Armenia. Jernbanesambandet til Armenia har i periodar vore ute av drift på grunn av konflikten mellom dei to landa.

Det går ferjesamband mellom Baku og Astrakhan i Russland lenger nord og mellom Baku og Krasnovodsk i Turkmenistan på austsida av Kaspihavet.

Styresett og politisk system[endre | endre wikiteksten]

Domstolsvesenet i Aserbajdsjan vert leia av ein høgstrett.

Mynteininga i landet er manat med valutakode AZN. 1 manat er delt inn i 100 qepik. Mynteininga erstatta i 1992/93 den russiske rubelen. Valutaen blei innført 1. januar 2006 og erstatta den tidlegare manaten som blei innført 15. august 1992. Ein første manat eksisterte i åra 1919–1923. Kursen var 1 AZN = 5000 manat ved det seinaste skiftet.

Mål og vekt er metrisk.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Aserbajdsjan er siden 1991 i prinsippet ein demokratisk republikk. Grunnlova frå 1995 legg den lovgjevande makta til ei folkevald nasjonalforasmling, Milli Majlis. Denne har 125 medlemmar som blir valt i direkte val for fem år. Etter 2002 vert alle mandata valt i éinmannskrinsar. Den utøvande makta ligg hos presidenten, som vert vald i direkte val for fem år. Stemmerettsalderen i landet er 18 år.

Politikken er særs ustabil og den utbreidde korrupsjonen gjer landet vanskeleg å styre både politisk og økonomisk. Aserbadsjan har etter prinsippet eit fleirpartisystem, men partia spelar ei avgrensa rolle. Det dominerande partiet sidan sjølvstendet har vore partiet til presidenten, Det nye aserbajdsjanske partiet, som fekk 61 av dei 125 plassane ved valet i 2005. Ei grunnlovsendring i 2002 sikra at presidentetembetet i praksis gjekk i «arv» frå Heidar Alijev til sonen hans Ilham Alijev.

Internasjonale forhold[endre | endre wikiteksten]

Aserbajdsjan er medlem av mellom anna SN og dei fleste av særorganiasajonane til SN, Verdsbanken, Europarådet, Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) og og ECO (den økonomiske samarbeidsorganisasjonen for muslimske land i området). Landet deltok ved opprettinga av Samveldet av uavhengige statar, men vart først medlem av organisasjonen i 1993. Aserbajdsjan ingjekk i 1994 Partnerskap for fred-avtale med NATO.

Aserbajdsjan er representert i Noreg med ambassaden sin i Stockholm, medan Noreg er representert i Aserbajdsjan ved ambassaden i Baku.

Forsvar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå det aserbajdsjanske forsvaret.

Aserbajdsjan har allmenn verneplikt for både kvinner og menn frå flyte 18 år med førstegongsteneste frå 17 til 24 månader. Dei samla militære styrkane talte i 2006 kring 126 000, der kring 95 000 høyrer til hæren, kring 5000 i marinen og kring 3500 i flyvåpenet. I hærstrukturen inngår 22 brigader med mellom anna kring 600 stridsvogner og kring 500 pansra køyretøy. Marinen har patruljefartøy, minefartøy og landgangsfartøy. Flyvåpenet har kampfly av typen MiG-21 og Mig-29, Su-24 og Su-25 samt kamphelikopter. Det er uklårt kor mange fly som er operative.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det er 11-årig obligatorisk skulegang, delt i 4-årig barneskule og 7-årig ungdomsskule.

Massemedia[endre | endre wikiteksten]

I 1996 hadde Aserbajdsjan 257 registrerte dagsaviser, dei aller fleste på aserbajdsjansk. I tillegg hadde ein kring 50 veke- og månadspublikasjonar. På grunn av økonomiske, tekniske og politiske vanskar har mange av publikasjonane hatt store problem og fallande opplagstal. Militær sensur vart innført i 1993, men oppheva i 1998, då president Heidar Alijev utstedte eit dekret om opphevinga av sensuren og innføring av statleg støtte til sjølvstendige media.

Det statlege kringkastingsselskapet produserer og sender i to radiokanalar og to fjernsynskanalar på aserbajdsjansk, formidlar russisk radio og fjernsyn frå Moskva og har sendingar på engelsk. Den eine kanalen er nasjonal og den andre er ein lokal-TV-kanal. Ein privat fjernsynsstasjon sender program på aserbajdsjansk og russisk. Tyrkisk fjernsyn vert formilda frå ein sendar i Baku. Det statlege kringkastingsselskapet sine radiosendingar starta i 1926 og TV-sendingar kom i gang i 1956.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå aserbajdsjansk litteratur.

På 1200- og 1300-talet framstod diktarar som Nesimi, som skreiv sufiske dikt på både aserbajdsjansk og persisk. Denne tradisjonen heldt fram i gullalderen på 1400- og 1500-talet med Fuzuli og Sjah Ismail. Samtidig oppstod det ein sterk folkelitteratur med romantiske epos som Köroglu.

Dei viktigaste diktarane i moderne tid er skodespelarforfattaren Mirza Ahundzade (1812-1878) og i sovjetrepublikken Aserbajdsjan romanforfattaren Dsjafar Dsjabbarli (1899-1934) og poeten Samed Vurgun (1906-1956).

Musikk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå aserbajdsjansk musikk.

Det er dokumentert aserbajdsjansk song og spel på musikkinstrument frå antikken, og musikarar på den tida og i mellomalderen hadde høg status.

Av dei mange instrumenta kjent i mellomalderen er fleire framleis i bruk, som fløytene ney og tutek, skalmeietypane balaman og zurna, sekkepipa tulum, strengeinstrumenta saz og tār, strykeinstrumentet kemanche, sylindertromma nagara og pauketypen kyos.

I den urbane kulturen i mellomalderen utvikla det seg ein syklisk vokal og instrumental musikkform, mugam, med tekstar frå dei klassiske dikta i landet. Omgrepet mugam er nærskyldt med det arabiske makam og syner til at musikken blir improvisert på grunnlag av reglar for toneutval, omfang, obligatoriske melodiske og rytmiske motiv og tempo.

Den tradisjonelle musikaren, ashug, har status som diktar og komponist.

Mot slutten av 1800-talet vart musikalske impulsar frå Austen og Midtausten avløyst av russisk påverknad med innføring av europeiske musikkformer og institusjonar som symfoniorkester, opera, teater, og seinare etablering av konservatorium i Baku (1921).

Nasjonalsong[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalsongen i landet er Aserbajdsjan-marsjen «Aserbajdsjan! Aserbajdsjan! Du er landet til heltane!» med tekst av «Ahmad Javad» og melodi av «Uzeyir Hadsjibejov». Han vart komponert i 1919 og nytta som nasjonalsong i Den demokratiske republikken Aserbajdsjan til 1922, og vart offisielt teken som nasjonalsongen for Aserbadjsjan i 1992.

Teater[endre | endre wikiteksten]

Tidleg teater i dette kulturområdet var prega av forteljartradisjonar som vart boren fram av songarar og musikarar. Koskosa er eit slags folkeleg, teatralt spel, og ein kan finne restar av tradisjonar i slekt med den dionysiske. Eit europeisk prega moderne teater vart grunnlagd av Mirza Fatali Akhundov (1812-1878), som var ein sterk beundrar av europeisk kultur. Han skreiv komediar i vestleg stil - dei første i den islamske kulturkrinsen - og han vart omsett til fleire europeiske språk.

Tagiev-teateret og Mailov-teateret i Baku vart starta på andre halvdel av 1800-tlaet og dei vart på byrjinga av 1900-talet sterkt påverka av russisk teater. Mailov-teateret vart nasjonalisert i 1919. I 1922 vart eit statleg dramateater grunnlagt, med status som Aserbadsjans akademiske dramateater (GAT). Mange vestlege klassikarar vart etter kvart spelt der. Dramateateret i Sheki vart opna i 1975 og eit breitt utval av moderne europeisk dramatikk frå Brecht til Dürrenmatt vart vist.

Sidan sjølvstendet i 1991 har ein sett at nyare teater- og dramaformer har utvikla seg i Aserbadsjan. Men på same måte som for teatra i andre tidlegare Sovjet-republikkar, har ein måtte finne nye måtar å finansiere teaterdrifta på uten statleg støtte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Library Information and Research Service (2005). The Middle East: Abstracts and index, Volume 29, Part 3. Library Information and Research Service. 
  2. E. Cornell, Svante (2006). The Politicization of Islam in Azerbaijan. Silk Road Paper. ss. 124, 222, 229, 269–270. 
  3. «93 years pass since establishment of first democratic republic in the east – Azerbaijan Democratic Republic». Azerbaijan Press Agency. http://en.apa.az/news.php?id=148210. Henta May 28, 2011. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Kazemzadeh, Firuz (1951). The Struggle for Transcaucasia: 1917–1921. The New York Philosophical Library. ss. 124, 222, 229, 269–270. ISBN 0-8305-0076-6. 
  5. Swietochowski, Tadeusz (2004). Russian Azerbaijan, 1905–1920: The Shaping of a National Identity in a Muslim Community. Cambridge University Press. ss. 129. ISBN 0521522455. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Swietochowski, Tadeusz (1995). Russia and Azerbaijan: A Borderland in Transition. Columbia University Press. ss. 69, 133. ISBN 978-0-231-07068-3, 978978-0-231-07068-3. 
  7. Pipes, Richard (1997). The Formation of the Soviet Union: Communism and Nationalism 1917–1923 (2nd ed.). Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press. ss. 218–220, 229. ISBN 0674309510, 9780674309517. 
  8. «Резолюция СБ ООН № 822 от 30 апреля 1993 года». United Nations. http://www.un.org/russian/documen/scresol/res1993/res822.htm. Henta 12. april 2012.  (russisk)
  9. «Резолюция СБ ООН № 853 от 29 июля 1993 года». United Nations. http://www.un.org/russian/documen/scresol/res1993/res853.htm. Henta 12. april 2012.  (russisk)
  10. «Резолюция СБ ООН № 874 14 октября 1993 года». United Nations. http://www.un.org/russian/documen/scresol/res1993/res874.htm. Henta 12. april 2012.  (russisk)
  11. «Резолюция СБ ООН № 884 от 12 ноября 1993 года». United Nations. http://www.un.org/russian/documen/scresol/res1993/res884.htm. Henta 12. april 2012.  (russisk)
  12. 12,0 12,1 «Azerbaijan: Membership of international groupings/organisations:». British Foreign & Commonwealth Office. http://www.fco.gov.uk/servlet/Front?pagename=OpenMarket/Xcelerate/ShowPage&c=Page&cid=1007029394365&a=KCountryProfile&aid=1019233781986. Henta 12. april 2012. 
  13. Europa Publications Limited (1998). Eastern Europe and the Commonwealth of Independent States. Routledge. s. 154. ISBN 1857430581, 9781857430585. 
  14. «Elections & Appointments – Human Rights Council». United Nations. http://www.un.org/ga/60/elect/hrc/. Henta 12. april 2012. 
  15. «The non-aligned engagement». The Jakarta Post. http://www.thejakartapost.com/news/2011/05/24/the-non-aligned-engagement.html. Henta 12. april 2012. 
  16. South Travels - Azerbaijan
  17. Culture of Azerbaijan - Safari The Globe
  18. «Human Development Index and its components» (PDF). United Nations Development Programme. http://hdr.undp.org/en/media/HDR_2010_EN_Table1.pdf. 
  19. «Employment statistics in Azerbaijan». The State Statistical Committee of the Republic of Azerbaijan. http://www.azstat.org/publications/azfigures/2010/en/005.shtml. Henta 12. april 2012. 
  20. «Azerbaijan has one of the lowest crime rates per 100,000 residents in CIS». Today.Az. February 9, 2011. http://www.today.az/news/society/80598.html. 
  21. «Interactive Infographic of the World’s Best Countries». Newsweek.com. 2010-08-15. http://www.newsweek.com/2010/08/15/interactive-infographic-of-the-worlds-best-countries.html. Henta 12. april 2012. 
  22. Literacy rate among schoolchildren in Azerbaijan is 100% - UN report
  23. Central Intelligence Agency - The World Factbook - Azerbaijan
  24. Charbonneau, Louis; Worsnip, Patrick (24 October 2011). «Azerbaijan wins U.N. council seat, Slovenia withdraws». Reuters. 
  25. Azakov, Siyavush. «National report on institutional landscape and research policy Social Sciences and Humanities in Azerbaijan». Institute of Physics. Azerbaijan National Academy of Sciences. http://www.globalsocialscience.org/uploads/c_GlobalSSH%20-%20Azerbaijan%20institutional%20report%20FINAL.pdf. Henta 12. april 2012. 
  26. «Azerbaijan: Early History: Persian and Greek Influences». U.S. Library of Congres. http://lcweb2.loc.gov/cgi-bin/query/r?frd/cstdy:@field(DOCID+az0014). Henta 12. april 2012. 
  27. Swietochowski, Tadeusz (1999). Historical Dictionary of Azerbaijan. Lanham, Maryland: The Scarecrow Press. ISBN 978-0-8108-3550-4. 
  28. Chaumont, M. L. (1984). «Albania». Encyclopaedia Iranica. http://www.iranicaonline.org/articles/albania-iranian-aran-arm. 
  29. Yarshater, E. (1987). «The Iranian Language of Azerbaijan». Encyclopaedia Iranica. III/2. http://www.iranicaonline.org/articles/azerbaijan-vii. 
  30. R. Ward, Steven (2009). Immortal: a military history of Iran and its armed forces. Georgetown University Press. s. 43. ISBN 1589012585, 9781589012585. 
  31. Malcolm Wagstaff, John (1985). The evolution of middle eastern landscapes: an outline to A.D. 1840, Part 1840. Rowman & Littlefield. s. 205. ISBN 038920577X, 9780389205777. 
  32. L. Altstadt, Audrey (1992). The Azerbaijani Turks: power and identity under Russian rule. Hoover Press. s. 5. ISBN 0817991824, 9780817991821. 
  33. Akiner, Shirin (2004). The Caspian: politics, energy and security. RoutledgeCurzon. s. 158. ISBN 0700705015, 9780700705016. 
  34. "In Safavi times, Azerbaijan was applied to all the muslim-ruled khanates of the eastern Caucasian as well as to the area south of the Araz River as fas as the Qezel Uzan River, the latter region being approximately the same as the modern Iranian ostans of East and West Azerbaijan." Atkin, Muriel (1980). Russia and Iran, 1780–1828. University of Minnesota Press. s. xi. ISBN 0816656975, 9780816656974. 
  35. Bertsch, Gary Kenneth (2000). Crossroads and Conflict: Security and Foreign Policy in the Caucasus and Central Asia. Routledge. s. 297. ISBN 978-0-415-92273-9. "Shusha became the capital of an independent "Azeri" khanate in 1752 (Azeri in the sense of Muslims who spoke a version of the Turkic language we call Azeri today)" 
  36. Nafziger, E. Wayne, Stewart, Frances and Väyrynen, Raimo (2000). War, Hunger, and Displacement: Analysis. Oxford University press. s. 406. ISBN 978-0-19-829739-0. 
  37. Kashani-Sabet, Firoozeh (May 1997). «Fragile Frontiers: The Diminishing Domains of Qajar Iran». International Journal of Middle East Studies 29 (2): 210. "In 1795, Ibrahim Khalil Khan, the wali of Qarabagh, warned Sultan Selim III of Aqa Muhammad Khan's ambitions. Fearing for his independence, he informed the Sultan of Aqa Muhammad Khan's ability to subdue Azerbaijan and later Qarabagh, Erivan, and Georgia.". 
  38. Baddeley, John Frederick (1908). The Russian Conquest of the Caucasus. Harvard University: Routledge. s. 71. ISBN 0700706348, 9780700706341. "Potto sums up Tsitsianoff's achievements and character as follows: "In the short time he passed there (in Transcaucasia) he managed to completely alter the map of the country. He found it composed of minutely divided, de facto independent Muhammadan States leaning upon Persia, namely, the khanates of Baku, Shirvan, Shekeen, Karabagh, Gandja, and Erivan..."" 
  39. Avery, Peter; Hambly, Gavin (1991). The Cambridge History of Iran. Cambridge University Press. s. 126. ISBN 978-0-521-20095-0. "Agha Muhammad Khan could now turn to the restoration of the outlying provinces of the Safavid kingdom. Returning to Tehran in the spring of 1795, he assembled a force of some 60,000 cavalry and infantry and in Shawwal Dhul-Qa'da/May, set off for Azarbaijan, intending to conquer the country between the rivers Aras and Kura, formerly under Safavid control. This region comprised a number of khanates of which the most important was Qarabagh, with its capital at Shusha; Ganja, with its capital of the same name; Shirvan across the Kura, with its capital at Shamakhi; and to the north-west, on both banks of the Kura, Christian Georgia (Gurjistan), with its capital at Tiflis." 
  40. Swietochowski, Tadeusz (2004). Russian Azerbaijan, 1905–1920: The Shaping of a National Identity in a Muslim Community. Cambridge University Press. s. 5. ISBN 0521522455, 9780521522458. 
  41. King, Charles (2008). The ghost of freedom: a history of the Caucasus. University of Michigan. s. 10. ISBN 0195177754, 9780195177756. 
  42. L. Batalden, Sandra (1997). The newly independent states of Eurasia: handbook of former Soviet republics. Greenwood Publishing Group. s. 98. ISBN 0897749405, 9780897749404. 
  43. E. Ebel, Robert, Menon, Rajan (2000). Energy and conflict in Central Asia and the Caucasus. Rowman & Littlefield. s. 181. ISBN 0742500632, 9780742500631. 
  44. Andreeva, Elena (2010). Russia and Iran in the great game: travelogues and orientalism (reprint ed.). Taylor & Francis. s. 6. ISBN 0415781531, 9780415781534. 
  45. Çiçek, Kemal, Kuran, Ercüment (2000). The Great Ottoman-Turkish Civilisation. University of Michigan. ISBN 9756782188, 9789756782187. 
  46. Ernest Meyer, Karl, Blair Brysac, Shareen (2006). Tournament of Shadows: The Great Game and the Race for Empire in Central Asia. Basic Books. s. 66. ISBN 0465045766, 9780465045761. 
  47. «Bodies found in Guba prove Armenian massacre in 1918, expedition chief says». Azerbaijan Press Agency. http://en.apa.az/news.php?id=31470. Henta 12. april 2012. 
  48. «Турецкие тележурналисты посетили массовое захоронение в Губе». Day.az. http://www.day.az/news/society/199357.html. Henta 12. april 2012.  (russisk)
  49. Schulze, Reinhard. A Modern History of the Islamic World. I.B.Tauris, 2000. ISBN 978-1-86064-822-9, 9781860648229.
  50. Горянин, Александр (August 28, 2003). «Очень черное золото». GlobalRus. http://www.globalrus.ru/print_this/134413/. Henta 12. april 2012.  (russisk)
  51. Горянин, Александр. «История города Баку. Часть 3.». Window2Baku. http://www.window2baku.com/001history_3.htm.  (russisk)
  52. Pope, Hugh (2006). Sons of the conquerors: the rise of the Turkic world. New York: The Overlook Press. s. 116. ISBN 978-1-58567-804-4. 
  53. «Azerbaijan celebrates day of victory over fascism». "Contact.az". May 9, 2011. 
  54. «Victory over Nazis ‘was impossible without Baku oil’». "AzerNEWS". May 8, 2010. 
  55. Michael P., Croissant (1998). The Armenia-Azerbaijan Conflict: causes and implications. United States of America: Praeger Publishers. ss. 36, 37. ISBN 0-275-96241-5. 
  56. «Human Rights Watch. "Playing the "Communal Card": Communal Violence and Human Rights"». "Human Rights Watch". 
  57. 57,0 57,1 «Milli Məclisin tarixi. Azərbaycan SSR Ali Soveti (1920–1991-ci illər) [The history of Milli Majlis. Supreme Soviet of Azerbaijan SSR (1920–1991)]». http://www.meclis.gov.az/?/az/content/70. Henta 12. april 2012. 
  58. «Azerbaijan». World Factbook. CIA. 2009. https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/aj.html. Henta 12. april 2012. 
  59. Thomas De Waal. Black Garden: Armenia And Azerbaijan Through Peace and War. New York: New York University Press, p. 286. ISBN 978-0-8147-1945-9.
  60. A Conflict That Can Be Resolved in Time: Nagorno-Karabakh. International Herald Tribune. November 29, 2003.
  61. «General Assembly adopts resolution reaffirming territorial integrity of Azerbaijan, demanding withdrawal of all Armenian forces». United Nations General Assembly. March 14, 2008. http://www.un.org/News/Press/docs/2008/ga10693.doc.htm. Henta 12. april 2012. 
  62. Southern Caucasus: Facing Integration Problems, Ethnic Russians Long For Better Life. EurasiaNet.org. August 30, 2003.
  63. "Azerbaijan Soviet Socialist Republic". The Great Soviet Encyclopedia (1979).
  64. «Azerbaijan: Rise to power». Encyclopedia of the Nations. October 3, 1993. http://www.nationsencyclopedia.com/World-Leaders-2003/Azerbaijan-RISE-TO-POWER.html. Henta 12. april 2012. 
  65. «Timeline: Azerbaijan A chronology of key events:». BBC. March 31, 2011. 
  66. «Azeri rights activist says 35 imprisoned special police unit members very sick». BBC Archive. June 2, 2000. 
  67. Efron, Sonni (March 18, 1995). «Azerbaijan Coup Attempt Crushed Caucasus: Loyal forces storm a building and overcome mutinous police units, president reports.». Los Angeles Times. 
  68. Mulvey, Stephen (October 14, 2003). «Aliyev and son keep it in the family». "BBC". 
  69. «Azerbaijan's Geidar Aliev dies at 80». "ChinaDaily". December 16, 2003. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aserbajdsjan