Asgaut Steinnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Asgaut Steinnes i 1935.

Asgaut Steinnes (11. oktober 18926. juli 1973), fødd i Klepp var ein norsk historikar og spesialist på mellomalderen.

Han tok doktorgraden i 1928 om skattesystemet i mellomalderen. Frå 1933 til 1960 var han riksarkivar. Frå 1961 var han statsstipendiat.

Steinnes var ein av grunnleggarane av den agrarhistoriske tradisjonen i norsk historieforsking. Hovudinnsatsen hans var først og fremst detaljstudiar av skattesystem, eigedomstilhøve og busetting i eldre tid. Innsikter frå det blei bruka til å kaste lys over store historiske spørsmål som grunnar til at Noreg slutta å vera ein sjølvstendig stat i seinmellomalderen, pestas verknad og vekst i kongemakta. Metoden han nytta var grundig og eksakt (kvantitativ) analyse av stadnamn, jordebøker, heimelsdokument, rekneskap og matriklar med meir. Steinnes sitt systematiske arbeid med å kartlegge einingar for mål, vekt og rekneskap i mellomalderen var ein føresetnad for alle seinare kvantitative analysar av økonomisk historie i eldre tid.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Leidang og landskyld 1927. Doktoravhandling.
  • Gamal skatteskipnad i Noreg 1928-1933. (2 bind).
  • Om en ordning med de kommunale arkiver, 1935.
  • Um ein skipnad med dei kommunale arkivi, 1935.
  • Mål, vekt og verderekning i Noreg i millomalderen og ei tid etter, 1936. Framleis det grundigaste og mest omfattande verket om måle- og pengeeiningar i mellomalderen.
  • Latinsk ordbok, 1958. Saman med Eirik Vandvik. Ny utgåve i 1989


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Salvesen, Helge: «The strength of Tradition. A Historiographical Analysis of Research into Norwegian Agrarian History during the Later Middle Ages and the Early Modern Period» I: Scandinavian Journal of History 7:75-133. 1982

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]