Asgeir Dølplads
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asgeir Dølplads (fødd 26. august 1932) er ein tidlegare skihoppar og frisør.
Den 1. januar 1953 vart han i Garmisch-Partenkirchen den første vinnaren av eit renn i den tysk-austerrikske hoppveka. Med hopp på 78,5 og 81 meter vann han framom austerrikaren Sepp Bradl og tyskaren Toni Brutscher. Deretter vart han nummer tre i Oberstdorf og nummer to i Innsbruck. Samanlagt vart han nummer tre i den fyrste hoppveka, bak vinnaren Sepp Bradl og landsmannen Halvor Næs. I 1956 tevla Dølplads om NM-gullet med Arne Hoel og Kjell Kopstad. Dølplads vart nummer tre, Hoel vann.
Besteplasseringar i internasjonale renn [endre]
- 1952: Nr 8 i Lahti
- 1953: Vinnar av nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen
- 1955: Nr 4 i Svenska Skidspelen i Nässjö
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap [endre]
Dølplads er svigerfar til komikaren Atle Antonsen.
Kjelde [endre]
- Sportsboken, aktuelle årgangar