Ashburton på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ashburton
Hakatere
Land  New Zealand
Region Canterbury
Distrikt Ashburton District Council
Areal 37,93 km²
Folketal 29 100 (i distriktet)
17 700 (i byen)
Førebels estimat juni 2 009[1]
Kart
Ashburton på New Zealand
43°54′20″ S 171°44′44″ E
Wikimedia Commons: Ashburton, New Zealand
Nettstad: http://www.ashburtondc.govt.nz/

Ashburton (maori Hakatere) er ein by og eit distrikt i regionen Canterbury på austkysten av SørøyaNew Zealand. Han er det tredje største senteret i Canterbury, etter Christchurch og Timaru. Området kring Ashburton vert ofte nemnt som Mid Canterbury, som også er namnet på idrettslag som representerer dette distriktet

Namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Ashburton vart namngjeven av oppdagaren, kaptein Joseph Thomas, som sat i leiinga av New Zealand Land Association, etter Francis Baring, 3. Baron Ashburton, som var medlem av organisasjonen Canterbury Association (som arbeidde for å skipa ein engelsk koloni i Canterbury).

Eit vanleg tilnamn på Ashburton er «Ashvegas», ei ironisk samanlikning med Las Vegas. Dette kan vera på grunn av den respektable og konservative haldninga til innbyggjarane i motsetnad til det blømande nattelivet i pubane i byen, sett opp mot det å vera eit lyspunkt midt i øydemarka (Las Vegas) eller på slettene (Ashburton).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ashburton ligg ved State Highway 1, 86 km sør for Christchurch. Jarnvegslinja Main South Line går gjennom sentrum av byen, men passasjertrafikken vart lagd ned 10. februar 2002. Byen er sentrum i eit rikt beite- og jordbruksdistrikt, og ein del av Canterbury Plains. Han har ein større forstad, Tinwald, sør for byen.

Ashburton District strekkjer seg frå Stillehavet til Søralpane, og frå Rangitata- til Rakaiaelva, medrekna byane Methven, Mount Somers og Rakaia.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Stort sett har Ashburton same vêr som Christchurch, eit turt, temperert klima. Sidan byen ligg lenger inne i landet og på ei større høgde enn Christchurch, er det turrare i Ashburton, og skilnadane i temperaturar er også større. Det er ikkje uvanleg at temperaturane om sommaren når over 35°C, medan ein om vinteren regelmessig har frost og årlege snøfall. Det største snøfallet i Ashburton var 60 cm den 12. juni 2006.

Klimatabell: Ashburton
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 23,3°C
75°F
23,0 °C
73 °F
21,0 °C
70 °F
17,9 °C
64 °F
13,9 °C
57 °F
11,2 °C
52 °F
10,7 °C
51 °F
12,3 °C
54 °F
15,2 °C
59 °F
18,0 °C
64 °F
19,9 °C
68 °F
22,0 °C
72 °F
17,4°C
63°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 11,1°C
52°F
10,8 °C
51 °F
9,5 °C
49 °F
6,4 °C
44 °F
3,4 °C
38 °F
0,9 °C
34 °F
0,5 °C
33 °F
1,8 °C
35 °F
3,8 °C
39 °F
6,0 °C
43 °F
7,9 °C
46 °F
9,9 °C
50 °F
6,0°C
43°F
Gjennomsnittleg total nedbør 58,5 mm
2,30 "
53,6 mm
2,11 "
62,5 mm
2,46 "
65,5 mm
2,58 "
61,6 mm
2,43 "
51,1 mm
2,01 "
62,7 mm
2,47 "
66,1 mm
2,60 "
43,7 mm
1,72 "
56,6 mm
2,23 "
57,8 mm
2,28 "
56,2 mm
2,21 "
996,2 mm
27,41 "
Kjelde: Niwa Science climate data

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Ashburton ligg midt i det frodige og grøderike slettelandskapet Canterbury Plains, som har gode tilhøve for landbruksverksemd, til dømes mjølkeproduksjon, så framt ein sørgjer for vatning av jorda.

Mykje av industriverksemdene i Ashburton rettar seg mot det omkringliggjande jordbrukslandet, men byen er òg tilhaldsstad for nokre uvanlege verksemder: Designline, den einaste bussprodusenten på New Zealand,[2] Ashford Handicrafts, den største produsenten i verda av spinnerokkar[3], Bruce McIlroys Rolls-Royce og Bentley bilrestaureringsverksemd[4] og Peter Lynn Kites som designar og produserer og eksporterer store drakar til bruk i reklameverksemd og i kitesurfing.[5]

Ashburton har ei dagsavis, Ashburton Guardian; AshburtonOnline, ei vevside for Mid Canterbury distriktet, og ei gratis vekeavis The Courier og ein radiostasjon.

Det ligg ei lita flystripe, Ashburton Aerodrome, ved byen.

Rekreasjon[endre | endre wikiteksten]

Ashburton Domain, eit parkanlegg med kunstig sjø.
Luftfoto av Ashburton, med Søralpane i bakgrunnen

Innanfor bygrensene er tilboda avgrensa til det ein kan venta i ein by av denne storleiken, her er ein kino og ein symjehall. Her finst òg to golfbanar. Her er elles ein gangveg langs nordsida av elva mot kysten.

Litt lenger innover i landet, betrar tilhøva seg. Strendene ved Ashburton er bratte og steinete, og lite høvelege for symjing, men ikkje så verst for surfing. Den kunstige Hoodsjøen vart opna like søraust for Tinwald i 2001 for delvis å bøta på mangelen på høvelege stader for rekreasjon ved sjøen. Her kan ein ro, symja og stå på vass-ski. Elvene Ashburton, Rakaia og Rangitataelva byr på godt fiske, og særleg Rakaia er kjend for laksefiske. I dei øvre delane av Rangitata kan ein driva elvepadling og rafting. Rakaia er kjend for for jet-båtsport. Innsjøane Heron, Camp, Clearwater og fleire mindre sjøar, ligg kring ein halv times reise innover i landet, og byr på vass-sport og fiske. Frå vegen til desse innsjøane går fotturruter til Mount Somers.

Mount Hutt er eit framståande skisenter på Sørøya, ein time innover i landet, like forbi Methven.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 43°54′N 171°45′E