Ashley Cole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ashley Cole
Personleg informasjon
Fødd 20. desember 1980
Fødestad London i England
Høgd 172 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Chelsea
Nummer 3
Ungdomsklubbar
1997-99 Arsenal
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2006
1999-2000
2006-
Arsenal
Crystal Palace (lån)
Chelsea
156 (8)
14 (1)
111 (6)
Landslag
2002-
2001-
England U21
England
5 (1)
77 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. mai 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 13. april 2010

Ashley Cole (fødd 20. desember 1980 i London) er ein engelsk fotballspelar. Han har spela for Chelsea i engelsk Premier League og for det engelske fotballandslaget.

Cole starta karrieren sin i Arsenal. Sommaren 2006 gjekk han til London-rivalen Chelsea i ein bytehandel der Arsenal fekk 5 millionar britiske pund pluss spelaren William Gallas. Cole har vunne Premier League to gonger med Arsenal (2002 og 2004) og éin gong med Chelsea (2010). Han debuterte for det engelske A-landslaget 28. mars 2001 i ein kamp mot Albania.