Asiatisk løve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asiatisk løve
Asiatisk løve-hann
Asiatisk løve-hann
Asiatisk løve-hoe
Asiatisk løve-hoe
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av asiatisk løve
Utbreiinga av asiatisk løve
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Kattefamilien Felidae
Underfamilie: Pantherinae
Slekt: Store kattedyr Panthera
Art: Løve P. leo
Underart: Asiatisk løve P. l. persica
Vitskapleg namn
Panthera leo persica

Asiatisk løve (Panthera leo persica) er den einaste nolevande underarten av løve (Panthera leo) som lever vilt utanfor Afrika. I dag finst asiatiske løver berre i Gir-skogen nasjonalpark vest i India. Tidlegare levde dei i eit større område i Sørvest-Asia. og før det igjen så langt vest som til Hellas og Nord-Afrika.[1]


Asiatisk holøve

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Asiatisk hannløve

Asiatisk løve skil seg frå den afrikanske gjennom mindre storleik, forskjellar i hårdekket, hudfoldar under magen og utforminga av kraniet.

Hoene er normalt 140-175 cm lange veg ca. 120-180 kg. Hannane er 170-250 cm lange og veg ca. 150-250 kg.[2]

Asiatisk løve skil seg anatomisk gjennom utforminga av skallen. Asiatiske løver har to små hol på kvar side av skallen til nervebanar og blodkar til augo. Hjå afrikanske løver har skallen berre eitt hol på kvar side. Langs lengderetningen på magen har asiatiske løver typisk fleire hudfoldar, noko som er uvanleg hjå den afrikanske.[2]

Asiatisk hannløve har eit større mankedekke enn den afrikanske løva, med meir hår på halen og olbogen av framfoten.[3] Håret oppå hovudet er derimot kortare. Ein kan dermed sjå øyrene til hannløva, medan manken dekkjer dei hjå den afrikanske løva.[2]

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Løvene lever i små flokkar, typisk ein eller to hann og to-tre hoer saman. Både desse og territoria deira er mindre enn dei til afrikanske løver.[2]

Asiatisk løve tek gjerne store byttedyr som vassbøffel, villsvin, hjort og antilope, men det vanlegaste byttedyret deira er den vesle aksishjorten.[4] Dei tek også husdyr som storfe, noko som har skapt konflikt med lokalbefolkninga.[2]

Gjennomsnittsalderen er 17-18 år blant holøver, medan hannane gjerne blir rundt 16 år gamle. Ei slik levetid enn er lengre enn den til afrikanske løver.[2]

Fostertida er 100-119 dagar, med eit gjennomsnitt på 103 dagar. Løveungar blir vaksne etter 18 månader til 2 år.[2]

Leveområde[endre | endre wikiteksten]

Holøve i Gujarat.

Då asiatisk løve blei vitskapleg klassifisert i 1826 skildra ein eit eksemplar frå Persia, følgd av eit frå Panjab og eit frå Basra-provinsen. Jakt med skytevåpen stod bak ein sterk tilbakegang, og ved slutten av 1800-talet var løvene utrydda i Tyrkia. I 1963 blei den siste flokken drepen i Iran. Det store utbreiingsområdet deira i India skrumpa inn til nawaben av Junagarh sitt jaktreservat i Gir-skogen i Gujarat.[2] Dette er ein teakskog som også inneheld kratt og småskog. Ein del løver har slått seg til i nærliggjande område (Girnar, Bali Tana og ved kysten) ettersom skogen er full.[1]

Populasjon[endre | endre wikiteksten]

Etter at asiatisk løve fekk status som «kritisk truga» i 2000 har bestanden vore stabil, og hovudtrugsmålet mot dyra er det låge talet på dei og det at det berre finst éin populasjon. Ei teljing i 2004 fann 327 individ i den verna Gir-skogen. Det er gjort forsøk på å etablera koloniar for å sikra underarten mot plutseleg sjukdom eller katastrofar.[1] Det finst rundt 80 individ i fangenskap, men desse har liten genetisk variasjon.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Breitenmoser, U., Mallon, D.P., Ahmad Khan, J. & Driscoll, C., Panthera leo ssp. persica (2008), IUCN Red List, Version 2012.2. <www.iucnredlist.org>. Henta 19. juni 2013.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Asiatic Lions - Panthera leo persica, tigerhomes.org
  3. Pocock, R. I. (1939). The Fauna of British India, including Ceylon and Burma. Mammalia. – Volume 1. Taylor and Francis Ltd., London. pp. 212–222
  4. Johnsingh, A.J.T. and R. Chellam. (1991). Asiatic lions. pp. 92–93 in: Seidensticker, J., Lumpkin, S. and F. Knight. (eds.) Great Cats. London, Merehurst. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Asiatisk løve