Asil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asilhane med to høner

Asil er ein indisk, gamal tung hønserase som kanskje har eksistert i 4000 år.

Asil er ein kamphønerase, og den er ogso ein av dei eldste. I India blir det drive oppdrett av rasen fordi den har stridslyst, og der kan det enno haldast hanekampar. Den har behalde aggressiviteten, og det gjer at ein må halde hanane skilde frå kvarandre fordi dei elles ville slåst til den eine er nedkjempa. Rasen er inga storverpar, men den er ein god og påliteleg rugar og mor. Hoa er flink med kjuklingar, og passar godt på dei. Asil er tam og tillitsfull. Den viser lite aggressivitet i samband med menneske. Rasen finst som dverg. Egga er kremgule til brune, og veg 40 gram (30 gram for dverg). Hanen veg 2,5 kg, og høna veg 2 kg. For dverg veg hanen 700 gram og høna 600 gram.

Fargar[endre | endre wikiteksten]

  • Kvit
  • Svart
  • Svart/kvitflekka
  • Viltfarga
  • Blå/sølvhalsa
  • Trefarga
  • Raudsadla
  • Fasanbrun