Asjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Asjer var ein av sønene til Patriarken Jakob, og stamfar til ei av dei 12 stammene i israelsfolket.

Asjer i mosebøkene[endre | endre wikiteksten]

Ifylgje Fyrste mosebok vart Asjer son til Jakob og fylgjekona hans, Silpa, og vart fødd som den åttande sonen til Jakob. Jakob hadde tidlegare fått sonen Gad med Silpa. Namnet Asjer er hebraisk og er omsett med lukkeleg i mosebøkene, men nokre bibelforskarar meiner at namnet har samanheng med den assyriske gudinna Asjera.

Når Jakob velsignar sønene sine før han døyr, seier han om Asjer: «Frå Asjer kjem det god mat, han set fram kongelege retter.» [1] Av borna til Asjer er det nemnt 5: sønene Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria og dottera Serah.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]