Asjoka den store

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Asjoka
Mauryaherskar
Regjeringstid ca. 269-232 f.Kr.
Føregjengar Bindusara
Etterfølgjar Dasaratha

Asjoka den store (død ca. 232 f.Kr.) var ein indisk keisar, erobrar og viktig støttespelar for buddhismen. Han herska over Mauryariket, og utvida gjennom erobrinage det allereie store riket til å dekka størsteparten av Det indiske subkontinentet. Seinare konverterte han til buddhismen og bidrog til å spreia religionen utover i Asia. Han stod bak ei rekkje innskrifter, dei såkalla asjokaedikta, bygde fleire minnesmerke til Buddha og sende buddhistiske misjonærar til fleire stader i Asia. Samstundes uttalte han at alle undersåttane hans skulle få følgja sine religionar. Asjoka førte til at buddhismen fekk eit valdsamt utvida innverknadsområde, og er blitt rekna som nær heilag innan buddhismen, og seinare som indisk nasjonalhelt.

Utskjering av ein tsjakravartin frå 200-talet f.Kr. som kan førestilla Asjoka.

Namn og titlar[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Asjoka» (sanskrit aśokaḥ.) er prakrit/sanskrit for 'sorglaus'. Sjølv kalla herskaren seg gjerne Devānaṃpiya (sanskrit Devānāmpriya), 'elska av gudane' eller Piyadassī (sans. Priyadarśin), 'han som ser med godhug'.

Asjoka hadde tittelen samrat, ein vedisk tittel som kan omsetjast som 'keisar'. Han er seinare blitt omtalt som tsjakravartin, 'hjulvendar', eit omgrep som viser til ein særs mektig og rettvis herskar som vender dharmahjulet.

Asjokaedikt på Sarnathsøylen.

Kjelder til Asjoka[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje innskrifter på fjellveggar og søyler skriv seg frå Asjoka, og er kjende under fellesnamnet asjokaedikta. Det er funne 33 slike edikt. Dei er skrivne med brahmi- og kharosthiskrift, og er dei eldste indiske tekstane me kan lesa (indusdalteikna er eldre). Asjokaedikta er dermed viktige primærkjelder til indisk historie.

Innskriftene fortel om korleis eit land skal styrast, og fortel om Asjoka sin overgang frå vedisk hinduisme til lekmannsbuddhisme. Dei inneheld mange faderlege råd frå herskaren til undersåttane om å vera fredeleg, from, balansert, visa religiøs toleranse og vera høfleg, veldedig og respektfull mot foreldre og lærarar. Tekstane fortel lite om Asjoka personleg, men syner han som ein samvitsfull herskar som skal ha stått bak mange forbetringar i styret av landet. Nokre av dei viser til episodar kjende frå buddhistiske overleveringar, og gjev dermed desse historisk tyngd.

Seinare tekstar med fleire detaljar, men meir mytologisk preg, er Aśokāvadāna ('Asjokasoga') og dei srilankiske Divyāvadāna ('Gudesoga') og Mahavamsa ('Den store krønika').

Løvestatue på asjokasøylen i Vaishali i Bihar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Asjoka var son av Bindusara og soneson av Tsjandragupta, grunnleggjaren av Mauryariket. Som prins skal Asjoka ha hatt ansvaret for nordvestlege delar av riket og budd i Ujjaini og skal ha slått ned opprør i Taksasjila (Taxila).

Riket var stort allereie då han overtok det, men Asjoka utvida det gjennom erobringar. Mauryariket under Asjoka strekte seg frå dagens Afghanistan og Pakistan i vest til Bangladesh og Assam i aust, og så langt sør som Andhra Pradesh og nordlege Kerala og Tamil Nadu. Hovudstaden hans var Pataliputra (Patna) i Magadha, dagens Bihar.

Relikviar etter Buddha frå ein stupa bygd av Asjoka.

Ved midten av 300-talet f.Kr. erobra Asjoka det sjølvstendige riket Kalinga (i dagens Orissa), som sjølv om det låg nær Magadha til då hadde vore sjølvstendig. Krigen var svært blodig, og skal ha ført til ei kraftig omvending frå Asjoka. Han synest å ha omvend seg til buddhismen og ahimsa (ikkje-vald), og prøvd å utbreia dhamma, rettskaffen levemåte, istaden for krig og vald. Asjoka utnemnde dhamma-vaktarar for å hjelpa religionen, og skal ha send buddhistmisjonærar til Sør-India, Søraust-Asia og fem namngjevne hellenistiske herskarar i Vesten. Til Sri Lanka skal han ha send sin eigen son Mahinda, som var buddhistmunk, og dotter Sanghamitta, som var nonne.

Asjoka skal også ha vore aktiv ved det andre rådet i Pataliputra (dagens Patna) rundt 250 f.Kr. Buddhistiske tradisjonar fortel at han først lét ein sendemann dra til rådet, der nokre munkar nekta feira heilagdagen uposatha med munkar dei rekna som slappe og lite ortodokse. Sendemannen misforstod fullmakten sin og fekk fleire munkar avretta. Asjoka haldt då sjølv eit råd under leiing av Moggaliputta Tissa. Dei tusen munkane i rådet blei einige om kva som var Buddha si lære, og viste ut munkar som etter denne definisjonen ikkje var buddhistar. Eit asjokaedikt nemner usemje i samghaen, og kan visa til denne hendinga.

I tillegg til dei kjende innskriftene stod Asjoka bak reisinga av ei rekkje søyler. Han utførte byggearbeid ved mellom anna Barabarhólene, Kaushambi, Sanchi, Sarnath og Vaishali.

Asjoka døydde i 232 eller 231 f.Kr. Sonesonen Dasaratha blei keisar etter han. Etter Asjoka gjekk det raskt nedover med riket, og den siste herskaren av Mauryadynastiet blei drepen femti år etter. Riket blei invadert av grekarar frå Baktria og Partia og av nomadestammar frå Sentral-Asia, og minka mykje i omfang.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Ei søyle reist av Asjoka i Sarnath har inspirert både det indiske flagget og nasjonalemblemet i landet. Dei fire løvene på toppen av søyla er gjengjevne som emblem, medan eit hjul kalla dharmahjulet eller asjokahjulet er gjengjeve i blått midt i flagget.

I 2001 kom ein indisk film, Asoka (eng. Ashoka the Great), ut som var inspirert av livet til herskaren. Filmen var regissert av Santosh Sivan medan superstjerna Shahrukh Khan hadde hovudrolla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • John Bowker, ed. (2000), «Edicts of Aśoka», The Concise Oxford Dictionary of World Religions, Oxford University Press 
  • W. J. Johnson, ed. (2009), «Aśoka», Oxford Dictionary of Hinduism, Oxford University Press 
  • Damien Keown, ed. (2003), «Aśoka», A Dictionary of Buddhism, Oxford University Press 
  • Damien Keown, ed. (2003), «Council of Pataliputra II», A Dictionary of Buddhism, Oxford University Press 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Asjoka den store