Ask og Embla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ask og Embla på frimerke frå Færøyane

Ask og Embla var ifylgje norrøn mytologi dei to fyrste menneska. Frå desse to skal alle menneska som bur i Midgard stamma.

Eddadiktet Voluspå fortel i strofene 17 og 18 at gudane Odin, Høne og Lodur fann mannen Ask og kvinna Embla som to trestammar på ei strand, og gav dei menneskeleg liv og eigenskapar. Snorre Sturlason gjev ein noko annleis versjon ved å seie i si «Edda» (i bolken Gylfaginning) at det var «Bors søner», dei tre gudane Odin, Vile og Ve, som fann dei to stokkane og gav dei liv og eigenskapar. Truleg ligg framstillinga i Voluspå nærast dei mytane som var herskande i heiden tid.

Den trestamma som vart til mann, Ask, er utan tvil stamma av eit asketre, slik det både går fram av ordet sjølv, og av at treet ask vart brukt i skaldekvad som kjenneteikn på mann eller krigar. Snorre Sturlason gjev fleire døme på dette i si «Edda» (i bolken Skaldskaparmål), der han òg gjer greie for korleis menn kan kjenneteiknast i skaldekunsten ved mellom anna mannlege trenamn, og kvinner ved kvinnelege trenamn.

Det finnast ikkje same etymologisk samband mellom kvinnenamnet Embla og eit av dei kjende treslaga, slik som for mannen Ask og asketreet. Dette har ført til mange ulike framlegg til kva slags vekst som har vore meint med namnet Embla, framande artar som vinranken har vore blant alternativa,og tanken om namnet i det heile har hatt med ein vekst å gjere, har vore på banen.[1] Soleis kan namnet koma av *ammilôn 'vesle godmor'.

Eit alternativ, lansert i siste halvpart av 1800-talet av Sophus Bugge, var at Embla hadde med ordet for almetreet å gjere. Men heller ikkje dette høver reint språkleg. I mytologisk samanheng ser det dessutan ut til at almen har representert det mannlege, ettersom ein krigar vert omtala som «åtakshard alm» i eit skaldedikt Snorre gjev att i Skaldskaparmål.[2]

Kva slags tre som løyner seg bak ordet Embla og har kjenneteikna den fyrste kvinna, er difor uvisst. Truleg må gåta løysast på grunnlag av dei tankane og ideane om verda og menneska som kan utleiast av mytologien og det arkeologiske materialet etc. Mistelteinen, den einaste veksten som det kunne lagast pil av som guden Balder kunne drepast med, har vorte lansert som eit alternativ i ein slik samanheng. Balder vart drepe under tilskipinga av verda, ikkje som eit varsel om at Ragnarok var i kjømda, slik denne hendinga vanlegvis vert tolka som, og myten gjev mellom anna forklåringa på korleis mistelteinen vart endra frå å vere ei plante som veks i jorda til å verte ei plante som veks oppe i andre tre.[3] Før Balder vart drepe, har soleis den alltid grøne mistelteinen vore eit sjølvstendig tre til liks med andre tre, og kan på same vis som asken ha vore den eine av dei to trestammane som gudane gav menneskelege eigenskapar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Simek 1996, side 74
  2. Omsett etter Johanssons og Malms svenske omsetjing 1997, side 166
  3. Hoftun 2001, side 31, 33 og 40

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Hoftun, Oddgeir. 2001. Norrøn tro og kult ifølge arkeologiske og skriftlige kilder. Oslo: Solum Forlag a.s. ISBN 82-560-1281-1
  • Simek, Rudolf. 1996. Dictionary of Northern Mythology. Cambridge: D.S. Brewer. ISBN 0-85991-513-1
  • Snorres Edda : översetning från isländskan och innledning av Karl G. Johansson och Mats Malm. Stockholm 1997: Fabel bokförlag. ISBN 91-7842-217-5