Asker Trekkhundklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Askerhytta
Pulkkøyring

Asker Trekkhundklubb (ATK) er ein hundekøyringsklubb frå Asker som høyrer inn under Akershus Hundekøyrarkrets. Asker Trekkhundklubb bruker opphavleg Vorstehhundar i tevlingar, men ein kan bruke dei fleste rasar.

Asker trekkhundklubb blei stifta i 1946 av lokale hundekøyrarar i tilknyting til Norsk Trekkhundklubb og Asker Skiklubb. Nokre av stiftarane dreiv med motstandsarbeid under den andre verdskrigen, der dei mellom anna tok imot flyslepp med containerar med våpen og utstyr i Vestmarka. Etter krigen heldt dei fram med ambulansekøyring ved hjelp av trespannsleiar.

Tevlingsstilen ATK satsar hovudsakleg på, er nordisk stil. Det tyder at hunden trekkjer ein pulk og løparen i eit tau. Samstundes går løparen på langrennski (skøyting) bak pulken og hunden. I rekruttgruppa startar ein med snørekøyring. Der dreg hunden køyraren som bruker ski, men dei har eit snøre seg i mellom.

Asker Trekkhundklubb har fått fram løparar nasjonalt og internasjonalt. Klubben eig ei hytte i Vestmarka, som vert kalla Askerhytta.

Medlemskap[endre | endre wikiteksten]

Ved årsskiftet 2006/2007 hadde klubben 216 medlemmer, der heile 41 deltok aktivt i løp i sesongen. Klubben driv eit aktivt barne- og ungdomsarbeid og har treningar og aktivitetar heile året.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Ein vesentleg del av inntektene til klubben kjem frå drifta av kiosk og parkering på Sjøstrand bad. Dei har i ei årrekkje hatt avtale med eigaren, Asker kommune, om denne ordninga. Takka vere denne avtalen og hjelp frå medlemmer, kan «ATK» arrangere renn og samlingar. Dei har mellom anna arrangert det tradisjonelle «Askerløpet», NM i 2006 og EM/NM i 2007Skåbu i Nord-Fron (saman med idrettslaget STEIL).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]