Asker sparebank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Asker sparebank var ein sparebank som hadde hovudkontor og verksemd i Asker kommune i Akershus. Banken vart skipa i 1859 av herrane Chr. W. Næss, Martin V. Berge, Erik J. Blakstad, Bernt T. Holtsmark og Knud T. Asker. Men i 1980 var det slutt etter 121 års sjølvstendig bankverksemd ved at banken vart fusjonert med Sparebanken Oslo/Akershus, som seinare vart til Sparebanken NOR, til sist DNB-bank, som tok over dei lokala som Asker sparebank hadde ått.

Asker sparebank hadde i den fyrste tida tilhald på Jansløkka skule, som var den fyrste fastskulen i Asker, frå 1844. Banken var open for ekspedisjon ein gong i veka frå klokka 15.00 til 17.00. Den fyrste bokhaldaren og kasseraren i banken var Martin P. Wettre, lærar på Jansløkka skule og kyrkjesangar. I ekspedisjonstida var han og eit av styremedlemene i banken pliktig til å vere til stades. Til å byrje med hadde ikkje banken ein eigen stad å take vare på pengane, så kasseraren måtte ta dei med seg heim og ha dei liggjande under senga. Men i 1870 kjøpte banken seg eit pengeskap for 14 spesidaler.

Banken flytta i 1905 over til eit nye og meir tidsmessige lokale i huset Venskaben i Asker sentrum, og fekk då faste opningstider og fastlønna personale. Venskaben var det einaste større lokalet i distriktet, og difor nytta til mange aktivitetar av ymse slag, så styret i banken fann i 1919 å måtte flytte verksemda til den gamle skysstasjonen Alfheim like i nærleiken, som Asker kommune då hadde teke over for å nytte til kontor for seg.

Banken bygde seg sitt eige hus i Asker sentrum til sitt 75-årsjubileum, ein teglsteinsbygning i tre høgder, innvigd 10. desember 1934. Dette var den fyrste bygningen i mur som vart reist i Asker sentrum. Ellers fekk banken seg etter kvart filialar rundt om i Asker kommune, både i Heggedal, Vollen, på Nesbru og på Dikemark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Asker Sparebank» i Store norske leksikon, snl.no.