Askerkretsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Askerkretsen var eit tildels radikalt kunstnar- og norskdomsmiljø kring ekteparet Arne Garborg og Hulda Garborg. Krinsen var tidas leiande intellektelle miljø i Noreg, med fokus på målrørsle, likestilling, kunst og kultur. Med i krinsen var mellom andre Rasmus Løland, Kristofer Uppdal, Oskar Braaten, Johan Bojer, Harriet Backer, Kitty Kielland, Fernanda Nissen, Tilla Valstad, Otto Valstad, Marta Steinsvik, Erik Werenskiold, Sophie Werenskiold, Rasmus Steinsvik og Kitty Wentzel. Møtestader var anten Labråten, heimen åt Hulda og Arne Garborg, eller heimen åt Tilla og Otto Valstad. Dei to heimane låg rett i nærleiken av kvarandre i den såkalla KunstnerdalenHvalstad i Asker, og båe eigedomane høyrer i dag til Asker museum - Valstads samlinger.

Miljøet var aktivt frå 1899 og fram til Arne Garborg døydde i 1924. Meir enn 130 bøker blei gitt ut av forfattarar tilknytte Askerkretsen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fidjestøl, Alfred. 2014. Frå Asker til Eden : historia om askerkretsen 1897-1924. Oslo: Samlaget. ISBN 978-82-521-8459-4