Askersund

Koordinatar: 58°53′00″N 14°54′00″E / 58.88333°N 14.90000°E / 58.88333; 14.90000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°53′00″N 14°54′00″E / 58.88333°N 14.90000°E / 58.88333; 14.90000

Snavlunda kyrkja i Askersund
Askersund cirka år 1700.

Askersund er ein svensk by og centralort i Askersunds kommun i Örebro län i landskapet Närke. I 2005 hadde byen 3 937 innbyggjarar.

Askersund er eit populært turistmål. Sentrum i byen er framleis prega av trehusbygg og to kyrkjer. Sofia Magdalena-kyrkja er teikna av Olof Tempelman og Landskyrkan av Jean de la Vallée og Erik Dahlberg. Byen ligg i utkanten av skogen Tiveden ved innsjøen Alsen, som utgjer den nordlegaste delen av Vättern, og like utanfor byen ligg Husabergsudde med bad og camping. Frå byen har ein utsikt over Vättern.

Askersund, som er ein hamneby ved Vättern, var før jernbanen utskipingshamn via Göta kanal av varer frå dei omliggande traktene, deriblant Skyllbergs bruk. I 1850 blei det grunnlagt eit selskap for båttrafekk på strekninga Göteborg-Askersund. Kaiane blei bygd ut på midten av 1860-talet.

Askersund fekk bystatus i 1643.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]