Askim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Askim stasjon
Askim
Plassering
Askim (Østfold)
Askim
Askim
Askim i Østfold
Geografi


Folketal[1] 13 258 (2011)
Folketettleik 1 638,8 /km²
Areal[1] 8,09 km²
Koordinatar 59°34′59.7″N 11°09′46.3″EKoordinatar: 59°34′59.7″N 11°09′46.3″E
Annan informasjon
Ferdselsårer Riksvei 22.svg  115 124
Østfoldbanen
Innbyggjarnemning askiming

Askim uttale  er ein by og administrasjonssenter i Askim kommune i Østfold med 13 258 innbyggjarar (2011).

Askim fekk status som by i 1996. Byen har eit aktivt kulturhus, som er bygd i funkisstil, og som blei renovert for nokre år sidan. Her er det to kinosalar, der den eine er ein sertifisert THX-kino. Badelandet Østfoldbadet ligg sentralt i byen, og inngangspartiet er kopla saman med Kulturhuset i eit stiltilpassa nybygg. Kulturfestivalen Kraftfestivalen samlar kvar augustmånad deltakarar frå fjern og nær, ein tradisjon i det høvet er opningskonserten i den gamle turbinhallen i Kraftverket ved Kykkelsrud. Viking-Askim var inntil nedlegginga i 1992 hjørnesteinsbedrifta i det vesle samfunnet, som sidan i stor grad har utvikla servicenæringane. Glava er nå hjørnesteinsbedrifta i Askim.

Lokalavisa er Smaalenenes Avis.

[endre] Samferdsle

Gjennom Askimbyen går den austre linja av Østfoldbanen (lokaltog til Oslo). Her går også E 18 til Sverige. Det går vegar vidare nordover, Fv115 til Trøgstad og Rv22 til Lillestrøm. Sørover fører Fv115 til Skiptvet og Fv124 til Rakkestad, begge med samband vidare til Sarpsborg.

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy