Askim kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Askim kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0124
Fylke Østfold
Adm.senter Askim
Areal 69 km²
Folkemengd 15 315 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Thor Hals (H)
Målform Bokmål
Nettstad www.askim.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0124.svg
Askim kommune på Commons

Askim kommune er ein kommune i Østfold fylke, som grensar i vest og i nord til Spydeberg, i aust til Trøgstad og Eidsberg og i sør til Skiptvet kommune. Glomma dannar ei naturleg kommunegrense i vest, og fossar har blitt utnytta til kraftproduksjon. Askim har derfor tre store kraftverk innanfor sine grenser (Solbergfoss, Kykkelsrud og Vamma).

Administrerande senter i kommunen er byen Askim. Der bur omtrent 90 % av innbyggjarane i kommunen, mens resten bur jamnt fordelt i mindre bygdesentrum ved dei tre kraftverka. Lokalavisa er Smaalenenes Avis, som også dekkjer dei omkringliggjande kommunane.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Glomma ved Solbergfoss kraftverk

Askim har vore ein særmerkt industrikommune, med Askim Gummivarefabrik som hjørnesteinsbedrift. Den siste delen av gummivarefabrikken, Viking Dekk A/S, avskipa produksjonen av bildekk i 1991. Viktige bransjar i dag er forlag/grafisk produksjon og Glava A/S med framstilling av mineralprodukt. Byen Askim er eit viktig handels og sørvissenter i indre Østfold. Nærare to femdelar av arealet i kommunen er dyrka mark, der det meste av dette er nytta til dyrking av korn.

Skiping av dei tre kraftverka Solbergfoss, Kykkelsrud og Vamma1900-talet har gitt basis for utviklinga av industrien i Askim. Desse utnyttar fallet til Glomma frå Øyeren til Grønsund. Utbygginga har ført til av alle dei mindre fossane og stryka, med unntak av Vrangsfoss, har kverva bort.

Kommunenamn og -våpen[endre | endre wikiteksten]

Namnet Askim er opphavleg eit gardsnamn, sett saman av trenamnet ask og ordet heim. Før rundt år 1400 het bygda Eid.[2] Ordet "Eid" betyr mellom anna landet langs ei elv som ikkje er farbar med båt, slik at folk måtte gå. Gjennom Askim drog folk båtar mellom Øyeren og Glomma nedanfor Vammafossen.

Kommunevåpenet blei godkjent ved kongeleg resolusjon den 1. november 1963. Motivet er på blå botn tre sølv skråbjelkar danna med bølgjesnitt og symboliserer dei tre vasskraftverka Solbergfoss, Kykkelsrud og Vamma.

Venskapskommunar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1951 har Lyngby-Taarbæk i Danmark, Huddinge i Sverige og Askim vore venskapskommunar. Seinare i 1965 kom Godthåb/Nuuk i Grønland med og i 1965 følgde Island med Seydisfjördur.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Oluf Rygh: Norske Gaardnavne, 1 Smaalenenes Amt, Kristiania 1897, side 50f.
  3. Askim kommune - Askims vennskapskommuner

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]