Asklepios

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asklepios

Asklepios i Glyptoteket i Køpenhavn
Foto: Nina Aldin Thune
Identifisert medAesculapius
MorCoronis, Arsinoe
FarApollon
EktefelleEpione, Coronis
BarnMachaon, Podalirius, Panakeia, Telesphorus, Aceso, Hygieia, Aegle, Iaso, Meditrine, Valetudo
Asklepios frå taket i Svaneapoteket i Oslo
Foto: Nina Aldin Thune
Asklepios i British Museum i London
Foto: Nina Aldin Thune

Æskulap eller Asklepios (gresk Ἀσκληπιός, Asklēpiós) er i gresk mytologi gud for legekunsten. Han var son av guden Apollon og den vanlege dødelege Coronis, dotter av Phlegyas. Då ho trulova seg med den mannen som faren hadde peikt ut for ho, samtidig som ho skulle ha barn med Apollon, vart guden så sint at han drap ho. Men han angra seg og forløyste den ufødde sonen med keisarsnitt. Asklepios vart oppfostra av kentauren Kheiron som var kunnig i medisin og urtelære.

Segner[endre | endre wikiteksten]

I følgje den eine segna vart han fødd i Thessalia nord i Hellas, medan andre forteljingar som kom til seinare meiner han kan ha vorte fødd både i Messenia og Epidauros. Desse stadane vart viktige kultstader. Han vart ein stor doktor, men valde å leve som ein enkel arbeidar, ikkje som ein helt. Fiendane hans var sjukdom og død. Han ville frelse menneska frå dødsriket og Hades.

Dette gjorde Zevs redd for at menneska ikkje lenger skulle døy, og at barrierane som skilde døde og levende skulle overskridast, så han drap Asklepios med eit lyn. Han vart gravlagd anten i Kynosoura eller ved elva Lusios i Arkadia eller i Epidauros. Desse stadane vart òg viktige kultstader. I Roma vart det reist eit tempel på Tiberøya etter pesten i 292 f. Kr. Det vart henta eit bilete av han frå Epidaurus. Dei tok òg med ein slange frå tempelet der, som dei trudde var guden sjølv, og da han kraup i land på Tiberøya vart tempelet reist der.

Denne hendinga skulle verte viktig for medisinen i Roma. Framleis er det mogeleg å finne bilete av asklepiosstaven på Tiberøya, og på staden tempelet låg er det i dag eit sjukehus og ei kyrkje.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Asklepios var gift med Epione og med ho hadde han sønene Makhaon og Podalirius og døtrene Panakea, Akeso, Iaso og Hygieia. Seinare er òg Telesphoros vorte nemnt som ein son av Asklepios. Sønene Makhaon og Podalirius er omtalt av Homer i Iliaden og er vorte omtalt som kirurg og indremedisinar. Machaon er avbilda saman med Kheiron på eit av dei første kjende bileta av lækjarar i manuskriptet Wiener Dioskorides. Hygieia vart etter kvart partnaren til Asklepios i praksis av tempelmedisin. Rolla hennar vart helsa si gudinne, og er den vanlegaste figuren i apoteka. Fleire norske apotek har namnet Hygiea. Og hennar kjenneteikn, begeret med slangen, er vorte nytta som symbol for apotek i mange land like opp til våre dagar. Telesphorus vart òg rekna som Asklepios tredje son. Han vart assosiert med magisk læking og søvn. Han vart skildra som ein liten figur i ei kappe med hette. Telesphoros er ofte framstilt saman med Hygiea, Asklepios og slangen.

Det er ein parallell mellom Asklepios og Kristus. Begge er fødd av dødelege kvinner med ein gud som far. Kristus vart unnfanga av Den heilage ande og fødd av ei jomfru. Mor til Asklepios var ei ung jente, og han vart forløyst frå den døde mora si av guden sjølv. Tilbeding av Asklepios og Kristus vart løna med helse og frelse; Asklepios knytte behandling med behandling med reinheit i sinnet, medan Kristus knytte behandling med evig frelse.

Asklepiosbiletet i antikken[endre | endre wikiteksten]

Statuar, relieff og bilete av Asklepios skal ha vore overalt i antikken. Dei fanst i templa, i heimane til lækjarane, men òg på marknadsplassen. Som oftast var han avbilda med kappe og vanlegvis òg med sko eller sandalar. Denne tradisjonen var basert på at Asklepios i utgangspunktet var eit menneske og at han aldri vart likeverdig med dei andre gudane på Olympen. For det var berre dei gamle opphavlege gudane som vart avbilda nakne, alminnelege dødelege vart ikkje framstilt på denne måten. Ingen av statuane kan verte identifisert som den einaste heilage. Guden er òg som oftast avbilda med skjegg, men det hender òg ein ser statuar av den unge mannen utan skjegg, særskild på 300-talet f.Kr. Etter kvart vart det karakteristisk for Asklepios å ha skjegg slik som Apollo var utan. Få eller ingen avbildinga skal finnast med berre kappe og sandalar. Som oftast har statuane diadem, hovudband, krone av bartre eller laurbær og stundom medisinplanter plassert i hendene hans eller ved siden av han. Som kjenneteikn har han ein slange som oftast slynger seg om ein stav.

Asklepiosstaven[endre | endre wikiteksten]

I dei fleste avbildingar av Asklepios støtter han seg på ein stav. Ei mogeleg tolking er at denne, lik stokken til Hermes, bringar søvn til menneska og vekker dei opp att, eit passande symbol på draumane sin gud. Ei anna forklaring er at den lange staven som nådde helt opp til armhola og som oftast finst i samband med Asklepios vart nytta som ein vandrestav når han var på reise. Asklepios var heile tida på reise og staven var ein naturleg reiskap til den reisande legen. Han kan ha mista den opphavlege meininga si og etter kvart vart sett på som eit symbol på Asklepios sin hjelp og visdom.

Asklepiosstaven med slangen som slynger seg rundt han er nytta som symbol for legar og i apotek.

Slangen[endre | endre wikiteksten]

Slangen kan ha tent som eit symbol på mildheita til Asklepios og som vernar av menneska. Den arten som vart brukt var lett å temme, slangane beit nesten aldri og om dei gjorde det var ikkje bitet farleg. Arten vart ofte nytta som vaktslangar i heimane.

Etter kvart vart slangen symbolet på guden sjølv, og det var slangen som vart henta til Roma under pesten og som kraup i land på Tiberøya. I templa vart det heldt heilage slangar som vart mata med honningkaker som dei sjuke ofra til guden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Asklepios» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2009.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
    • Edelstein, Emma, j. og Edelstein, Ludwig, Asclepius, Collection and Interpretation of the Testimonies I and II, The Johns Hopkins Press Baltimore and London 1998
    • Edelstein, Ludwig, Ancient Medicine, The Johns Hopkins Press Baltimore and London 1987
    • Hart, Gerald D., Asclepius, the God of Medicine, The Royal Society of Medicine Press Limited, London 2000

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Asklepios