Askvoll kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Askvoll kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1428
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Askvoll
Areal 322 km²
Folkemengd 3 018 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011–) Frida Melvær (H)
Målform Nynorsk
Nettstad www.askvoll.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1428.svg
Askvoll kommune på Commons

Askvoll er ein kystkommune i Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunen ligg ut mot Nordsjøen og dekkjer området mellom ytste delane av Dalsfjorden/Vilnesfjorden og Førdefjorden og øyene utom, og strekkjer seg frå Bulandet i vest til grensa mot Førde kommune i aust. Nabokommunane er Solund og Fjaler i sør, Flora og Naustdal i nord og Førde og Gaular i aust, der Førde er den einaste kommunen Askvoll har ferjefritt vegsamband til.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet til Askvoll viser ein stilisert kross på grøn botn. Motivet er henta frå den kring tusen år gamle og nær fire meter høge steinkrossen ved Korssund. Korssund høyrde fram til 1990 til Askvoll kommune, men vart då overførd til Fjaler kommune.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjeliv[endre | endre wikiteksten]

Askvoll sokn vart 1. januar 2006 slege saman med Holmedal sokn og Vilnes sokn til eitt sams sokn som heiter Askvoll sokn. Askvoll sokn har same utstrekkinga som Askvoll kommune og ligg under Sunnfjord prosti i Den norske kyrkja. Fram til 2004 var Askvoll eit eige prestegjeld, men då vart prestegjeldsordninga fasa ut og prestetenesta i Askvoll vert no leia av prosten i Sunnfjord.

Kyrkjer og kapell[endre | endre wikiteksten]

Askvoll kyrkje ligg i tettstaden Askvoll og vart bygd i 1863. Arkitekt for kyrkja var Anders Askevold. Ein meiner at den fyrste kyrkja i Askvoll vart bygd på 12- eller 1300-talet. Ein veit at det vart bygd ny kyrkje i 1604, ho stod til 1859 då ho vart riven. Kyrkja som står no avløyste ei kyrkje som brann ned etter lynnedslag i 1862, berre 3 år etter ho var nybygd 1859.

Holmedal kyrkje står i Holmedal, er teikna av Christian Christie, og vart sett opp i 1868. Gamlekyrkja frå ca 1600 vart då riven. Renessansealtartavla vart flytt over i den nye kyrkja. Ei av kyrkjeklokkene kjem frå kyrkja som stod i Holmedal før 1600. Ein meiner at den kyrkja kan ha vore ei stavkyrkje.

Vilnes kyrkje står på Vilnes på Atløy. Ho vart bygd i 1674 og påbygd i 1959.

Kvammen kapell, bygt i 1977.

Kvammen kapell ligg i grenda Kvammen og vart bygd i 1977.

Stongfjorden bedehuskapell ligg i grenda Stongfjorden og vart sett opp i 1908.

Bulandet bedehuskapell ligg på Bulandet og vart bygd i 1905 og påbygd i 1909 og 1966.

Værlandet bedehuskapell ligg på Værlandet og vart bygd i 1960 og påbygd i 1990.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kommunestyrevalet 2003[endre | endre wikiteksten]

Ei viktig sak i valkampen fram mot 2003-valet var Dalsfjordbrusaka. Einaste partiet som sa seg klart mot brua var Venstre. I valet var det Venstre som vart partiet som fekk flest stemmer, 28,4 %, og dei fekk 6 representantar i kommunestyret, men dei fekk ikkje ordføraren. Etter forhandlingar mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Høgre og Kristeleg Folkeparti vart Aud Kari Steinsland frå Arbeidarpartiet ordførar og Bjørn Arne Mjåseth frå Senterpartiet varaordførar.

Ved kommunestyrevalet i 2003 fordelte røystene seg prosentvis slik:

Parti Prosent av røystene
Arbeidarpartiet 19,7
Framstegspartiet 3,8
Høgre 13,2
Kristeleg Folkeparti 6,6
Senterpartiet 16,6
Sosialistisk Venstreparti 9,5
Venstre 28,4
Andre 2,3

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Gjelsvik på sørsida av Førdefjorden. Gjelsvik vart saman med Flokenes, Skorva, Kvammen og Rørvik overført til Askvoll i 1964 då Vevring kommune vart oppløyst.

Askvoll var eige skipreide frå mellomalderen, og etter reformasjonen vart namnet brukt på prestegjeldet i området. I 1837 vart so Askvoll formannskapsdistrikt skipa. Som i resten av landet vart det då oppretta formannskapsdistrikt i kvart prestegjeld, slik Lov om Formandskaber paa Landet samt om Districternes almindelige Commune-Anliggender frå same året kravde. Prestegjeldet famna då i tillegg til mykje av det som i dag er Askvoll kommune også sokna Øen, Hyllestad og Nordsula, det vil seie bygdene langs kysten lengst nord i det som no er Solund kommune og ytst i det som no er Hyllestad kommune. I nord mot Førdefjorden var Staveneset og Grimelid dei nordlegaste grendene i Askvoll. På nordsida av Dalsfjorden gjekk grensa mellom Ytre Holmedal formannskapsdistrikt og Askvoll vestom Vårdal, og på sørsida gjekk ho mellom Hellevik og Fure. I 1861 gjekk sokna Hyllestad og Øen med i det nye heradet Hyllestad, og i 1887 vart Nordsula med i det nye heradet Solund. Den neste store endringa i kommunestrukturen kom i 1964. Då vart nabokommunane til Askvoll, Bru og Vevring ved Førdefjorden oppløyste og bygdene Osland, Stavestrand, Vågane, Flokenes, Skorva, Gjelsvik, Kvammen og Rørvik vart overførde til Askvoll. Den siste kommunebrigdet kom i 1990, då vart grensa mellom Askvoll og Fjaler (tidlegare Ytre Holmedal) sett til å gå langsetter Dalsfjorden, og dei bygdene på nordsida som tidlegare hadde høyrd til Fjaler vart overførde til Askvoll, medan bygdene på sørsida som tidlegare hadde høyrd med i Askvoll vart del av Fjaler. Det var bygdene Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal som då vart overførde til Askvoll, medan Fure, Grytøyra, Korssund og Folkestad vart overførde til Fjaler.

Ordførarar[endre | endre wikiteksten]

Ordførarar i Askvoll
1837–1839
Georg Prahl
Harbitz
1839–1840
Mads M.
Askevold
1842–1857
Carl Johan
Christie
1858–1862
Mons A.
Askevold
1863–1867
Mads M.
Askevold
1868–1871
Mathias V.
Rødsæth
1872–1873
Jens O.
Askevold
1874–1879
Kolbein S.
Fismen
1880–1907
Ole S.
Nordeide
1908–1934
Mathias K.
Stubseid
1934–1942
Olai
Einen
1945
Olai
Einen
1946–1955
Sverre
Ringstad
1956–1963
Mads
Flokenes
1964–1971
Magne
Loftheim
1972–1987
Kåre
Ness
1988–1992
Jorunn
Ringstad
1993–2003
Kjellaug Veivåg
Høyvik
2004–2007
Aud Kari
Steinsland
2007–2011
Aud Kari
Steinsland
2011–
Frida
Melvær

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]

Arkiv frå Askvoll kommune - i Arkivportalen.no[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.