Aslak Bolt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erkebispegarden i Trondheim (Nidaros).

Aslak Bolt var erkebiskop i Nidaros (Nidaros erkebispedøme) frå 1428 til 1450. Han var fødd kring 1380 eller noko før og døydde i 1450. Det fulle namnet hans var Aslak Harniktsson Bolt og han var av adeleg slekt. I 1407 valte domkapitlet i Oslo han til biskop i Oslo og etter påtrykk frå dronning Margrete i 1408 vart han biskop i Bergen der han vart i 20 år.

Administrator og ordensmann[endre | endre wikiteksten]

I 1428 vart han erkebiskop i Nidaros. For ettertida er han mest kjend for si jordebok, som er eit viktig kjeldeskrift. Aslak Bolts jordebok er ei nøye registrering av inntektene frå erkesetet sitt gods og eigedomar. Over 3000 gardar og stader er rekna opp.

Han gjeninnførte også ei rekke mindre avgifter som var gløymd. I perioden etter 1435 markerte han seg også som leiar av kyrkjeprovinsen. Han kalla inn til provensialkonsil i 1435 i Bergen og året etter i Oslo. Desse konsilane fatta ei rekke vedtak gjeldande for kyrkjeprovinsen, i fyste rekke knytt til økonomiske forhold.

I åra etter 1436 er det som politikar ein møter Aslak Bolt. Som leiar av riksrådet hadde han stor innverknad på rikspolitikken. Bolt var kanskje den personen i Noreg på 1400-talet som hadde mest makt. Aslak Bolt var ein dyktig mann med særlege evner som administrator og arbeidet var prega av orden. Han var òg ein dyktig handelsmann og klarte å auka kyrkjegodset dei åra han var i Nidaros. Aslak Bolt markerte seg som kyrkjeleiar og hevda si makt over biskopane. Han var for lausriving frå Danmark og oppteken av å hindre utlendingar, særleg danskar i å få norske embeter. Derimot var han for nærare tilknytting til Sverige.

Han ynskte også å styrkja kyrkja si stilling ved å få kongen til å stadfesta sættargjerden frå 1277, ei avtale som med anna gav erkebiskopen rett til å nemna ut eigen hird. Denne stadfestinga oppnådde han då han den 20. november 1449 krona svensken Karl Knutsson Bonde til konge av Noreg i Nidaros. Han var også den fyrste kongen som vart krona I Nidaros. Kong Karl vart avsett året etter, av dei som stødde danskekongen Christian I, men da var Aslak Bolt død. I 1458 vart sættargjerden stadfesta på ny.

Eit aktivt liv[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]