Aslaug Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aslaug Dahl


Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mars 1949 (75 år)
Nesseby kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1972

Aslaug Magna Dahl (fødd 23. mars 1949) er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Nesseby. Ho var med å vinne bronsemedaljen for Noreg i 3x5 km stafett under vinter-OL 1972 i Sapporo. Dahl vart noregsmeister på 5 km i 1970 og 1976, og tok elles seks NM-sølv i tida mellom 1970 og 1976.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Dahl deltok i sin fyrste noregsmeisterskap på ski i 1969 og vart nummer seks på 10 km. Året etter overraska ho og vart norsk meister på 5 km i Meldal. I 1971 fekk ho med seg dei individuelle sølvmedaljane frå NM, i begge tevlingane vart ho slått av Berit Mørdre. Nye sølvmedaljar fekk ho på 5 km i 1972, 10 km 1973 og 5 km i 1974. I 1972 fann ho si overkvinne i Katharina Mo, sidan i Berit Mørdre.

Under vinterleikane 1972 i Sapporo vart ho nummer seks og beste norske på opningsdistansen 10 km, for så å verte nummer åtte på 5-kilometeren. I stafetten over 3x5 km gjekk Dahl andreettappen etter Inger Aufles, ei tevling som enda med at Berit Mørdre gjekk dei norske kvinnene inn til bronsemedaljar.

Dahl vann sin andre NM-tittel då ho sigra i ein tett 5 kilometer under NM 1975 i Flatebygd, 1,6 sekundar føre Marit Myrmæl og 3,1 sekundar framom Berit Mørdre. I 1976 tok ho si tiande og siste NM-medalje (2-6-2) då ho kom på sølvplassen etter Berit Johannessen på den alle fyrste 20 km i NM-samanheng, eit renn som vart avvikla i Surnadal.

Dahl la opp etter 1977-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.