Asnières-sur-Seine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Asnières-sur-Seine
Avenue de la Marne i Asnières.
Avenue de la Marne i Asnières.
Byvåpenet til Asnières-sur-Seine
Byvåpenet til Asnières-sur-Seine
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Hauts-de-Seine
Geografi
Flatevidd
 - By

4,82 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

83 300
  17 282/km²
Koordinatar 48°55′05″N 02°17′01″EKoordinatar: 48°55′05″N 02°17′01″E
Diverse anna
Heimeside: www.ville-asnieressurseine.fr

Asnières-sur-Seine er ein kommune og by i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 7,9 km frå Paris sentrum i departementet Hauts-de-Seine. Med eit folketal på like over 80 000 fordelt på berre nesten 5 km² er dette ein av kommunane i Europa med størst folketettleik.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Asnières-sur-Seine vart opphavleg berre kalla Asnières. Namnet Asnières vart først nedteikna på ein paveleg bulle i 1158 som Asnerias, frå mellomalderlatinsk asinaria, som tyder «eselfarm». Den dårlege jorda i Asnières, der det voks røsslyng i mellomalderen, vart sannsynlegvis berre rekna som godt nok til å avle opp esel.

15. februar 1968 vart namnet på kommunen offisielt Asnières-sur-Seine (tyder «Asnières ved Seine») for å skilje han frå andre kommunar i Frankrike med same namn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Asnières-sur-Seine