Asparuhov most

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Asparuhov most
(Аспарухов мост)
Asparuhov Bridge Varna.JPG
Transporterer Bilar og fotgjengarar. To felt av motorvegen Tsjerno More
Kryssar Kanalen mellom Varnasjøen og Svartehavet
Stad Varna i Bulgaria
Utforming Utkragerbru
Total lengd 2 050 m
Breidd 21 m
Høgd 50 m
Seglingshøgd 46 m
Opna 8. september 1976

Asparuhov most (Аспарухов мост) er ei bru i Varna ved Svartehavet i Bulgaria, som knyter bydelen Asparauhovo samen med resten av byen på andre sida av kanalen mellom Svarteahvet og Varnasjøen.

Brua er 2,05 km lang, 50 meter høg og veg 3 200 tonn. Ho har 38 pålar, som kvar ber 2 400 tonn. Brua er svært trafikkert og meir enn 10 000 kryssar ho i døgeret.

Brua vart påbyrja i 1973, etter at ein måtte utvida kanalen mellom Varnasjøne og havet. Opninga av brua skulle opphavleg skje 30. september 1976, men brua vart ferdig før tida og vart opna 8. september av Todor Zjivkov. Samtidig vart den nye kanalen under brua opna 1. september.

Etter 20 år utan reparasjonar, byrja ein å restaurere brua mellom 1996 og oktober 1998, men brua vart ikkje opna på ny før 17. september 1999, ein dato langt etter dei opphavlege planane.

I dag er ikkje Asparuhov most berre ei viktig transportåre, men òg ein stad for tilhengjarar av ekstremsport sidan brua er ein ideell for strikkhopping.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]