Aspirasjonspsykrometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit aspirasjonspsykrometer er to termometer der ein på det eine held eit fuktig stykke tøy eller veke omkring termometerkula. Dette vert nytta til å måle luftfukta. Det vert mellom anna nytta i laboratorium for å kalibrere og kontrollere anna måleutstyr. Ein nyttar då ei elektrisk vifte og automatisk vasstilførsel. Transportable instrument har anten ei fjør som vert trekt opp for å drive vifta, medan fukta vert tilført ved hjelp av ein pipette, eller ein kan nytte eit slyngetermometer, der termometerer vert slynga i ring med handkraft.

Luftfukta vert målt ved at vatnet fordampar frå termometerkula, slik at dette viser våttemperaturen, som er lågare enn tørrtemperaturen. Ved å sjå i ein tabell med temperatur og temperaturskilnadane kan ein lese av den relative fukta til lufta.

Instrumentet vart oppfunnen av den tyske meteorolog Richard Assmann (1845–1918).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Aspirasjonspsykrometer» i Store norske leksikon, snl.no.